Kvinnherad kommune har starta arbeidet med ein overordna strategisk plan for fagområda omsorg, helse og sosial.
 
Planen får status som kommunedelplan og planarbeidet skal utførast i tråd med reglar for kommuneplanprosess regulert i plan og bygningslova. 
Det er utarbeidd framlegg til planprogram og Formannskapet vedtok i møte 13. oktober å leggje framlegg til planprogram ut til høyring og offentleg ettersyn. 
Høyringsperioden er på 6 veker, frå 14. september til 26. oktober 2018. Formannskapet skal handsama endeleg framlegg til planprogram 8. november 2018.
 
Kva er eit planprogram?
Planprogrammet er ein «plan for planen».  Planprogrammet gjer greie for føremålet med planen, viser kva rammer og føringar som gjeld for planen, kva problemstillingar planen skal belyse og korleis planprosessen skal vera. 
Planprogrammet skal og vise korleis ein vil leggje til rette for medverknad i planarbeidet. 
 
Innspel til planprogrammet
Vi ynskjer engasjement og deltaking i planprosessen frå innbyggjarar, politikarar, lag/organisasjonar og tilsette i organisasjonen.
Har du innspel til planprogrammet høyrer vi gjerne frå deg. Innspel til planprogrammet kan sendast til:
post@kvinnherad.kommune.no innan 26. oktober 2018