Statkraft Energi søker om konsesjon for bygging av Mauranger 2 kraftverk. På grunn av uvisse om framtidig nettkapasitet søker dei om to alternativ:

Alternativ 1. Bygging av Mauranger 2 kraftverk med eit aggregat 1 på 315 MW, inntak i Blådalsvatnet og tre bekkeinntak til ny tunnel sprengt mellom Juklavatn og dagens tappetunnel ved Blådalen. I tillegg kjem regulering av Midtra Kvitnadalsvatn med 1 m, og bygging av Blådal pumpestasjon på 3 MW.

Alternativ 2. Trinn 1: Som alternativ 1, men kraftstasjon og vassveg blir førebudd med større utsprenging, for seinare å installere eit aggregat 2. Trinn 2: Installasjon av aggregat 2 på 315 MW i Mauranger 2. I tillegg kjem bygging av Svartedal pumpestasjon på 40 MW.

Alternativ 2 føreset ei nettutviding. Statkraft søker primært om alternativ 2, subsidiært alternativ 1. Samla effekt og produksjon for alternativ 2 vil bli høvesvis 630 MW og 70-80 GWh.

Søknaden omfattar ei ca. 2 km lang luftlinje frå lukehus v/Svartedalsvatn til Blådal pumpe, og ein ca. 3 km lang jordkabel frå Mauranger 2 kraftverk til nytt brytarfelt i koplingsanlegget ved Mauranger. Statkraft søker også om samtykke til ekspropriasjon av nødvendige areal og retter, og om førehandstiltreding dersom dei ikkje kan oppnå minneleg avtale med rettshavar.

Søknadsbrevet, konsesjonssøknaden og ein konsekvensutgreiingsrapport (KU-rapport) er tilgjengelege på denne nettsida: www.nve.no/8842/V og på kommunens postliste i sak 2022/4455.

Konsesjonssøknaden inneheld eit utdrag av KU-rapporten, og er lagt ut til offentleg gjennomsyn i Rådhuset og Innbyggerservice i høvesvis Kvinnherad og Ullensvang kommunar. På Rådhuset i Kvinnherad er det lagt ut to papireksemplar.

De kan få ein papirversjon av søknaden ved å kontakte Anders Korvald hos Statkraft på e-post anders.korvald@statkraft.com eller tlf. 958 56 207.

Innsending av fråsegner skjer via saka si nettside www.nve.no/8842/V, via e-post til uttalelse@nve.no eller i brev til NVE (Postboks 5091, Majorstua, 0301 Oslo) så snart som mogeleg, og seinast innan 25. november 2022.