music-818459_1280.jpg
(Foto frå Pixabay)

  • Helsestasjon 0 - 5 år er for alle barn frå dei er fødd til dei startar på skulen. I løpet av denne tida får dei tilbod om 14 konsultasjonar på helsestasjonen. Fyrste konsultasjon er heimebesøk til nyfødde.  
  • Nokre konsultasjonar er lagt opp til å vera gruppekonsultasjonar. Du vil få meir informasjon om organiseringa av barselgruppene på din helsestasjon.  
  • Det vert avtala ny konsultasjon for barnet frå gong til gong, eller ein vert kalla inn per SMS eller post. 
  • Helsestasjonen skal vera eit lett tilgjengeleg lågterskeltilbod for barn og foreldre. Vi nyttar tolk om du har behov for det.  
  • Du kan ta kontakt med oss utanom faste avtalar. Sjå kontaktinformasjon.
  • Lov om pasient og brukarrettigheiter, § 6 –1, gir barnet ditt rett til konsultasjonar på helsestasjonen. Som forelder har du ei plikt til å sørge for at barnet får konsultasjonane sine. Oppfylginga helsestasjonen tilbyr, bidreg til at barnet får sine rettigheitar oppfylt.  
  • Helsestasjonen samarbeider med mellom anna fastlege, fysioterapeut, psykisk helsearbeidar, psykolog, tilsette i barnehage, barnevern, PPT og avdeling for familiestøtte, etter behov. Me har teieplikt og samarbeidet skjer etter samtykke frå føresette.  
  • Helsestasjonen ynskjer å vera ei støtte for foreldre, gjere dei trygge i foreldrerolla og bidra til at barn får ei trygg og god oppvekst. Helsesjukepleiar gjev foreldrerettleiing og snakkar med alle om samspel, ernæring, søvn, rusbruk, vald og omsorgsvikt.
  • Du kan ta opp det du sjølv har behov for å snakka om. I dei fleste konsultasjonane vil helsesjukepleiar snakka med foreldre om barnet sitt kosthald, søvn, trivnad, samspel, miljø og sikkerhet og foreldra si psykiske og fysiske helse.  
  • Barnet vert vege og målt avkledd/lett avkledd på faste konsultasjonar og når foreldre ynskjer det.   
  • Helsestasjonen gjev tilbod om vaksine til barn etter det nasjonale barnevaksinasjonsprogrammet.   

Har barnet ditt feber, utslett eller oppkast/diare ber vi deg i tilfelle om å avlysa dagens avtale. Grunna smittefare ynskjer vi ikkje sjuke born på helsestasjonen. Tenesta driv førebyggjande og helsefremjande arbeid. Dersom barnet er sjukt og treng behandling, skal ein nytta fastlegen sin. Helsestasjonen kan gje råd om føresette er usikre på om barnet sine symptom og behov for legevurdering. 

Film til alle nybakte foreldre: I trygge hender - YouTube 
Les meir om helsestasjonstenesta her: Helsestasjon 0–5 år - Helsedirektoratet 
Les meir om vaksinane her: Barnevaksinasjonsprogrammet - FHI 

Ring til oss eller send ei melding 
Me er ikkje alltid tilgjengeleg på telefon, men send oss gjerne ei melding, så svarer vi når vi kan! 

Faste konsultasjonar:

Alder 

Kven treff du? 

Vaksiner 

Nyfødd 

Heimebesøk av jordmor og helsesjukepleiar 

 

2-4 veker 

Barselgruppe  

 

 

6 veker 

Undersøking og rettleiing av Helsesjukepleiar/lege 

Vaksinasjon jamfør retningslinjer 

8 – 10 veker 

Barselgruppe 

 

 

3 månader 

Undersøking og rettleiing av helsesjukepleiar 

Vaksinasjon jamfør retningslinjer 

4 månader 

Undersøking og rettleiing av Helsesjukepleiar. Eigen time hos fysioterapeut med fokus på motorisk utvikling 

 

5 månader 

Undersøking og rettleiing av helsesjukepleiar 

Vaksinasjon jamfør retningslinjer 

6 månader 

Undersøking og rettleiing av helsesjukepleiar/lege 

 

8 månader 

Undersøking og rettleiing av helsesjukepleiar 

 

10 månader 

Undersøking og rettleiing av helsesjukepleiar 

 

12 månader 

Undersøking og rettleiing av helsesjukepleiar/lege 

Vaksinasjon jamfør retningslinjer 

15 månader 

Undersøking og rettleiing av helsesjukepleiar 

Vaksinasjon jamfør retningslinjer 

18 månader 

Undersøking og rettleiing av helsesjukepleiar 

 

2 år 

Undersøking og rettleiing av helsesjukepleiar/lege. Språkvurdering 

 

4 år 

Undersøking og rettleiing av helsesjukepleiar. Syn- og høyrselstest og språkvurdering 

 

Nyttig informasjon:

Me har samla gode lenkjer med kunnskapsbasert informasjon til deg og barnet ditt: 

Barnet si utvikling og samspel 
Baby (bufdir.no) 
Babyen sine signal og behov (bufdir.no) 
Spedbarnet sitt språk - Forstår du kva barnet prøver å fortelja deg? - YouTube 
Forstå barnet si utvikling 0-5 år (bufdir.no) 
Barn si motoriske utvikling frå 0-15 månadar Norsk - YouTube 
Høyrer barnet? - NHI.no 
Tips til foreldre om mobilbruk
Skeivt hovud og favorittside

Amming, morsmjølkerstatning og mat 
Mat og måltid for spedbarn - Helsedirektoratet 
Nye råd om D-vitamintilskot og tran til spedbarn - Helsedirektoratet 
Amming og mat til spedbarn - helsenorge.no 

Etter fødsel 
Etter fødsel - helsenorge.no 
Nyfødt barn, sjekkliste - NHI.no 
Fødselsdepresjon - helsenorge.no 

Søvn 
Trygt sovemiljø for spedbarnet | Landsforeininga uventa barnedød (lub.no) 
Søvn hos spedbarn - helsenorge.no 
Søvnproblem hos sped og småbarn - YouTube 

Vaksine 
Oversikt Barnevaksinasjonsprogrammet i Norge (fhi.no) 
Barnevaksinasjonsprogrammet - FHI 

Foreldrekvardag 
Foreldrekvardag (bufdir.no) 

Gode råd ved sjukdom 
Barnesjukdomar og vanlege plager hos barn - helsenorge.no 
Foreldrebrosjyrar - Farmasøytisk institutt (uio.no) 
Når barnet har feber - NHI.no 
Når må barn vera heime frå barnehagen? - FHI 

Barnet sitt miljø og sikkerheit 
Sikkerheit for nyfødde og spedbarn - helsenorge.no 
Barns miljø og sikkerheit / når barnet skader seg - Helsedirektoratet 
Tryggtrafikk.no/sikring-av-barn-i-bil/ 
Snus - helseskadar - helsenorge.no 
Passiv røyking - helsenorge.no 

Rus 
Alkohol og amming - Alt du bør vite om alkohol når du ammar- Av-og-til (avogtil.no) 
Alkohol og barn - Drikke framfor barna? Dette bør du tenke på! - Av-og-til (avogtil.no) 
Gravid og alkohol - NHI.no 

Vald, overgrep og omsorgsvikt 
I trygge hender - YouTube 
Kva gjer du når barnet ditt greta? by StineSofiesStiftelse - Issuu

Barnevaksinasjonsprogrammet FHI.PNG
(Henta frå FHI)