Summert opp:
I forvaltningsforskrifta § 39 heiter det at fristar som ikkje kan overhalda sakshandsamingstida dersom «saksbehandlinga blir forsinka på grunn av særeigne forhold som forvaltningsorganet ikkje kan klandrast for», nærare presisert til ulike tilfelle:
- Stor auke i saksmengd på eit område kan gje utsette sakshandsamingsfristar i forvaltninga, jf. Forvaltningsforskrifta § 39 første ledd bokstav d.
- Stort fråvær på eit saksfelt, til dømes på grunn av sjukdom, omsorg for barn ved stengde skular og barnehagar eller omdisponering av tilsette, kan gje utsette sakshandsamingsfristar i forvaltninga, jf. Forvaltningsforskrifta § 39 første ledd bokstav e.
Det må gjerast ei konkret vurdering i kvar kommune og på kvart saksfelt av kor store konsekvensar koronarelaterte hendingar har for sakshandsaminga. Utsett frist kan mellom anna gjelde byggjesaker, der kommunen utan utsetjing hadde måtta betala tilbake gebyr dersom fristane ikkje kunne haldast.