No treng vi hjelpa di til å stoppe spreiinga av hamnespy🤚
Kva kan du gjere?
🔍Det viktigaste er å sjekke båt og utstyr jamleg. Du bør òg botnsmørje båten med anti-fouling
maling før du set den ut.
Har du fått hamnespy på båt eller utstyr? Fjern hamnespy ved å:
🛶set båt/ utstyr på land i ei veke
🚿spyl eller skrap botnen av båten/ utstyret. Sørg for at begroing og spylevatn ikkje renn ut i sjøen
💦plasser utstyr med begroing i ferskvatn i minst seks timar
Les meir om korleis du kan bidra til å stoppe spreiinga av hamnespy her