I samband med formidling av kystkultur, inngjekk Kvinnherad kommune og Venelaget for Galeas Gurine i dag ei avtale om segling/tur med Galeas Gurine. Leiar i Interesselaget for Galeas Gurine, Anders Jordal, signerte avtale saman med kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik.

Jordal og Bjerkvik.jpg

Interesselaget for galeas Gurine vil stilla med skipper og mannskap, og tek med totalt 190 elevar frå niande klassetrinn på sjøen. Her skal elevane få ei innføring i praktiske ting som navigering, segling, motorpass og utkikk. Dei skal lære om kystkultur, den lokale historia som er knytt til livet på sjøen, og dei får ein innføring i kor viktig samarbeid er, for å kome godt fram i lag.