Kommunestyret vedtok i møte 15.09.2022 at tilbod om skulefritidsordning (SFO) skal vere gratis ved alle skulane i kommunen gjeldande frå 01.01.2023.
Føresette som allereie har plass på SFO og ikkje ønskjer endring av tilbodet treng ikkje å gjere noko.
Dei som ønskjer endring av tilbodet eller vil søkje om nytt tilbod, må gjere det innan 17.10.2022. Søknadsfristen er sett for at skulane skal få oversikt over tal på barn som vil nytte seg av tilboda og for å kunne skaffe nok ressursar for å kunne ta imot elevane på SFO ved årsskiftet.
Søknadar som kjem innan fristen blir behandla med svar i midten av desember.
Vi vil også gjere merksam på at gratis tilbod om SFO gjeld dei ordinære tilboda ila skuleåret, men ikkje ferietilbodet. Ferietilbod på SFO vil difor framleis vere med fastsett pris.