Frå hausten 2022 vert det innført gratis kjernetid (12 timar) for elevane i 1. trinn.
I Kvinnherad vert denne tida lagt til SFO-tilbodet etter skuletid. Det betyr at elevane i første klasse kan delta på gratis SFO frå etter skuletid til kl. 16.00, alle dagar i veka. Tilbodet følgjer skuleruta. 
Hatlestrand skule er heildagsskule, her skal ein ikkje søkja SFO.

Kva må føresette gjere for at førsteklassingen kan delta på gratis SFO

  • Elevar som ikkje har tilbod om SFO, men som vil nytte seg av gratis kjernetid: føresette søkjer på tilbodet – ettermiddag 5, 4 eller 3 dagar
  • Elevar som alt har fått innvilga plass i SFO: Dersom de vil behalde tilbodet, vil det bli lagt inn ny betalingssats. Dersom de vil endre tilbod, send inn endringsskjema.

Søknadsfrist: 13. mai                    
Digitalt søknadsskjema finn de her.

Her kan du lesa meir om skulefritidsordninga