Har du oppdaga daude eller sjuke fuglar og mistenker fugleinfluensa?
Dette gjer du: Bruk hanskar og bruk munnbind når du tar opp fuglen og legg den i ein plastpose. Knyt posen og legg den i restavfall.
Meld deretter frå ved å sende e-post til innmelding.fugleinfluensa@mattilsynet.no Det er også fint med ein kopi til post@kvinnherad.kommune.no
Informasjon du skriv i eposten:
- kommune, postnummer, adresse og helst også kartreferanse (som du kan finne i kartfunksjonen på mobiltelefonen din)
- kva art det gjeld
- kor mange fuglar det gjeld
Dette gjeld for artane:
- andefuglar (ender, gjess og svaner)
- havsuler
- måkefuglar
- vadarar
- rovfuglar (spesielt ørn og musvåk)
- åtseletarar (kråkefuglar)
- småfugl (kun ved mange døde fuglar på eit lite område)
- rovdyr (primært observasjon av sjuke eksemplar av raudrev, fjellrev, arter i mårdyrfamilien, gaupe)
- sjøpattedyr (ønskjer primært melding om observasjon av sjuke eksemplar av steinkobbe og havert)
Veterinærinstituttet har også ei informasjonsside om fugleinfluensa.