På grunn av ombygginga av Aksen flyttar frivilligsentralen bort i Kulturhuset Husnes frå og med neste veke.

Det betyr at dagleg leiar Veronica T. Thorsen i frivilligsentralen blir å finna på same kontor som einingsleiar for Kulturhuset Husnes, Agust Magnusson og kulturvert Karianne Solheim frå og med neste veke. Ein del av aktivitetane som skjer på dagtid vert då flytta til eit møterom på kulturhuset.

Til grupper som har aktivitet på ettermiddagen er vi så heldig å få nytta lokala til «Møteplassen Aksen». Vi har allereie grupper i ulike lokal og fleire av desse har fått låna rom på kultursenteret, vi er difor svært glade for å få til eit samarbeid der i er samlokalisert med kulturhuset i tida framover, heiter det i ei pressemelding frå Kvinnherad Frivilligsentral.

Dagleg leiar Veronica T. Thorsen er glad for løysinga som er komen på plass og takksam for at alle så samarbeidsvillige.