Kjenner du nokon som fortener heider for innsatsen sin?
Frivilligprisen vert gjeve til ein initiativrik person, lokal foreining eller ei gruppe, som gjennom sine idear og med sitt pågangsmot har betra trivsel og livskvalitet for andre og medverka til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn i Kvinnherad. Kjenner du nokre "eldsjeler" som fortener ei slik påskjønning?
Då kan du sende forslaget ditt med grunngjeving til Frivillig.sentralen@kvinnherad.kommune.no innan 11 november.