Tilboda ved Frisklivssentralen består av individuelle helsesamtalar (råd, rettleiing, hjelp til å lage planar, motivasjon), fysisk aktivitet i grupper og ulike lærings- og meistringkurs. Du treng ikkje vera sjuk eller å ha ein diagnose for å delta på ein frisklivssentral. Deltaking som ledd i eller etter behandling av sjukdom kan likevel vere aktuelt for mange. Vanlege årsaker til oppfølging på Frisklivssentralen kan vere opptrening etter sjukdom, overvekt, inaktivitet, muskel-og skjelettlidingar, psykiske lidingar (lettare depresjon og angst) og mykje meir. 

Individuell oppfølging og fysisk aktivitet går kontinuerleg fleire stader i kommunen, medan lærings- og meistringskurs vert sett opp jamleg og vert lagt ut på Friskus.

Lærings- og meistringstilbod er kurs og aktivitetar med føremål å setje den enkelte i betre stand til å ta hand om eiga helse og eigne helseutfordringar. Dette kan vere diagnoserelatert, knytt til ulike tema eller at ein har belastningar i kvardagen. 

Dersom du ynskjer kontakt kan du gjere dette sjølv eller be om hjelp av helsepersonell.

Les meir i brosjyren vår.

Aktuelt no:

 

frisklivssentralen-logo-stor.jpg