I vår har ungdomslosar og utekontaktar starta leksehjelp kombinert med mat og sosialt samvær på ungdomssenteret etter skuletid - det nye framover i vår blir ope ungdomssenter for vidaregåande på onsdagar frå kl. 12:00 - 18:00, i tett samarbeid med KVV.  Alle aktivitetar er sjølvsagt i tråd med gjeldande smittevernreglar. 

For påsken i år har ungdomslosane drege i gang Den store påskekampen for alle ungdommar ved ungdomsskulane og vidaregåande frå 25. mars og til 11. april. 

                                                                      påskekyllingmunnbind.jpg

påskekamp.png

Den store påskekampen er blitt oppretta av ungdomslosane med den enkle hensikt:  

Me vil spreie litt glede og at de ungdommar skal finne på kjekke ting saman, sjølv om det er korona!  

Den store påskekampen er ein aktivitetskamp der ungdomane kan melda seg på med vennegruppa som er satt saman på skulen. Dei held seg innafor same kohort og følgjer smittereglane undervegs! Saman skal dei vera aktive og konkurrere om kjekke premiar.


Vi er heldige som har it så framoverlent ungdomsteam i eining barn og familie Takk for ein imponerande innsats!

God påske til alle! Ta vare på kvarandre, og ta vare på ungdommane våre❤