Kvinnherad kommune som smittevernmynde har etter covid-19-forskriften §14 b, vedteke at alle barnehagar og skular går til grønt nivå frå onsdag 26.01.22.

Dette vart gjort med bakgrunn i vurdering av barns beste og barn og unge sin trong for å vera saman med vener. Informasjon frå FHI dette-veit-vi-om-smitte-i-barnehagar-og-skular var grunnlag for vurderingane.

Grønt nivå er det «lågaste» smittevern-nivået, og det vert opna opp for at kvardagen til barn og unge kan bli meir normal, utan kohortar og slike avgrensingar. På grønt nivå gjeld framleis generelt smittevern;

  1. Halda seg heime når ein er sjuk.
  2. Handvask og hostehygiene
  3. Unngå fysisk kontakt

Under ligg lenkje til Utdanningsdirektoratet sine sider der føresette i barnehage og skule kan finna meir informasjon og svar på spørsmål rundt smittevern, karantene, testing mm. (Oppdatert i dag 24.01.22)

Vegleiarar om smittevern i barnehagar og skular (udir.no)