Frå venstre: Sektorleiar for oppvekst Heidi Særsten Solheim, kommunedirektør Leif Ove Mikkelsen, styreleiar Interesselaget for Galeas Gurine, Bjarne Øymyr og styremedlem Eirik Skåla. Foto: Kvinnherad kommune
I dag signerte Kvinnherad kommune under på ny avtale med Interesselaget for Galeas Gurine om segling for 9.klassetrinna i Kvinnherad.
I kommunedelplanen for kulturminne, 2021-2024, punkt 9 i handlingsplanen, står det at ein skal arbeida for at Gurine kan bli med i den kulturelle skulesekken.
Dette er ein del av opplæringa om kystkultur, lokal historie og praktisk båtliv og segling, og skal skje i løpet av hausten.
F.v: Styreleiar i Interesselaget Galeas Gurine, Bjarne Øymyr og kommunedirektør Leif Ove Mikkelsen signerer avtalen.