Hardanger Biogass fekk som kjent ENOVA støtte på kr 35 millionar til etablering av biogassanlegg og med det er ei viktig brikke i finansieringa av anlegget på plass.

Det vart diskutert framdriftsplan for anlegget, kva løyve som må på plass, og kva infrastruktur som skal etablerast. Dette er første etablering i Grøn næringspark Kvinnherad og det var såleis på sin plass å feira med kake.