Slik kan du hjelpa:
Ynskjer du å tilby husvære og/eller hjelpa med inventar som møblar og kvitevarer - send e-post til: ukraina.flyktning@kvinnherad.kommune.no
Har du anna du vil og kan bidra med som leiker, personleg utstyr, mat eller frivillig arbeid - send e-post til Frivilligsentralen på frivillig.sentralen@kvinnherad.kommune.no
Dersom du har slektningar og/eller nokon du kjenner som er komne til Kvinnherad, må du melda frå til kommunen slik at vi kan ivareta dei rettane som flyktningane har.
Dette gjer du ved å senda ein e-post til: integrering@kvinnherad.kommune.no der du opplyser:
- Namnet på flyktningen og fødselsår
- Telefonnummer og namn til deg som har tatt imot
- Kor bur de?
Meir informasjon kan du finna HER.