Dette er endringane:
• Grensene for inntekt er auka
• Reglane for formue er mellombels fjerna
• Ekstrautbetaling av stønad til straum til alle bustønadmottakarar
Søknadsfristen for januar er 31. januar. Då får du vedtak og utbetaling 18. februar. For februar er søknadsfristen 25. februar, med vedtak og utbetaling 18. mars.
Du kan lesa meir om endringane på husbanken.no. Der kan du òg sjekka inntektsgrensene, berekna bustønaden med bustønadkalkulatoren og søkja på bustønad.