I Kvinnherad er det fleire elvestrekningar (13 elver) som Kvinnherad kommune vurderer å ha særleg fare for skadeflaum. Hausten 2018 bestilte kommunen flaumfaresonekartlegging for 4 elver: Hattebergs- og Melselva, Åkraelva, Handelandselva og Uskedalselva. Våren 2019 bestilte kommunen kartlegging av 3 nye elvestrekningar: Guddalselva, Omvikdalselva (Storelva) og Bondhuselva. Rapportane er utarbeida av Norconsult AS.
Det er gjort utrekningar for flaum med gjentaksintervall på 20-, 200- og 1000 år, inkludert klimapåslag. Flaumstorleikane er utrekna med utgangspunkt i frekvensanalysar som er gjort på nærliggjande og representative vassmerker, som vidare er kontrollert av NIFS formelverk (nasjonalt formelverk for flaumutrekning i små nedbørsfelt). Vasstandsstiging er utrekna ved bruk av ein 2-dimensjonal hydraulisk modell i dataprogrammet HECRAS, høgdedatum NN2000. Les meir om metoden i rapporten som er tilgjengeleg på heimesida til kommunen (sjå lenger ned på sida).
Eigarar av bustader og fritidsbustader er på førehand prøvd kontakta og informert om stoda, og eigarar av eigedomar med bygningar på, har fått tilsendt eit brev.
Klimaprofilen viser at det er forventa meir styrtnedbør i framtida, og med bakgrunn i dialog med NVE og NORCE, er klimapåslaget sett til 40 %, altså konservativt og faresonene blir større enn utan påslaget.
Eit premiss for utrekningane, er at elveførebyggingane held.
Til forskjell frå ras, er flaum meir føreseieleg og det er mogleg å gjere tiltak før det er venta store nedbørsmengder.
Rapportane for dei tre elvane finn de under: