Tida er inne for å tenkja store tankar om mobilitet i kommunen! Gløtta inn i ei mogleg framtid. 

  • Korleis knyter vi Kvinnherad best mogleg saman, på ein attraktiv, frisk og grøn måte? 
  • Korleis skal vi røra oss i, til og frå kommunen? 
  • Joggesko, sykkelbukse, buss utan førar, sjølvgåande elbåtar, ring eller spring... 

Vart de nysgjerrige? For å sparka i gong arbeidet med overordna mobilitetsstrategiar (som er ein del av kommunedelplan for samferdsle), presenterar kommunen ein moglegheitsstudie som skildrar ei mogleg løysing for kollektivtilbod mot Bergen og ny E-39 på Os, kalla Fjordmetroen. 

Her finn du moglegheitsstudie

For dei som ikkje kunne vere med på webinaret som vart halde om Fjordmetroen, fortvil ikkje - her finn de eit opptak av webinaret. 

Som ordføraren nemner i webinaret, er dette berre ein av mange moglegheiter. No håpar vi alle kvinnheringar og personar med interesse for Kvinnherad tek med seg denne studien inn i jula og grublar ut nye og gode mobilitetsstrategiar. Arbeidet med overordna mobilitetsstrategiar tek for alvor til i 2021, og det vil bli lagt opp til ein omfattande medverknadsprosess. 

Har du spørsmål knytt til kommunedelplan for samferdsle, overordna mobilitetsstrategiar eller Fjordmetroen, er det berre å ta kontakt med Hildegunn Furdal, hildegunn.furdal@kvinnherad.kommune.no.