Det er eit stort og innhaldsrikt program - og best av alt: det er gratis for born og unge. Her finn du aktivitetar i drøssevis og me kan nemna mellom anna: Workshop i cosplay, opplæring i handbak ved Hardanger handbakklubb, turneringar i mellom anna bordtennis, fifa og biljard. Vidare vil det vera skiaktivitet, natursti og fuglematverkstad. Gratis kino, ope i leikeland,der Husnes leikeland spanderer gratis inngong og på menyen står det mykje, mykje meir.

 

Me har fått badevaktar til bassenga i Rosendal, Hatlestrand og på Husnes vil det også vera ope nokre dagar i vinterferien.

 

Arve Rødland, Anja Thunold, Sara N Langhelle og Veronica T Thorsen står bak planlegginga, og dei er alle svært nøgde med programmet. Me vonar me saman kan gjera vinterferien enno litt kjekkare for born og unge i kommunen vår. Me oppmodar alle om å gå inn på kvinnherad.friskus.com der det vil stå detaljert informasjon om alle tilboda og mulighetar for å melda seg på dei ulike aktivitetane.

 

ferieaktivitetar (2).png