Prosjektet i Valevågen hadde som mål å sanera alt privat utslepp av avløp til sjø, i Søre- og Nordre Valevågen. Mesteparten av dei private utsleppa er no fjerna, og abonnentane er tilknytt kommunalt anlegg. Dei siste vert kopla til innan kort tid, og totalt gjeld dette tilknyting av 25 einingar. Avløpsvatnet vert no pumpa til kommunalt reinseanlegg, og tiltaket vil føra til reinare miljø, spesielt i Nordre Valevågen.
I samband med bygging av ny pumpestasjon med overbygg ved Valen båthamn, er det etablert toalettdel for Friluftsrådet, noko som sikrar allmenta eit betre tilbod ved bruk av det sikra friområdet på Valøya. Det er også etablert leidningspunkt som båtlaget kan kopla seg til, med eit framtidig toalett/gjeste anlegg.
Eit flott tiltak!
Det er Brødrene Musland Maskin AS som har utført arbeidet. Kommunen vil takka entreprenør for godt samarbeid!