Vi i familieteamet har brei kompetanse og erfaring knytt til ulike utfordringar for barn, unge og familiar. Vi har ulike tilbod av grupper, familierettleiing, samtalar og terapi og kan tilpassa tilbod etter dei problemstillingane ein står i.

Ofte hjelper vi barn gjennom deira viktige vaksne. Vi ønsker å gi rett hjelp til rett tid og hjelp som nyttar. Målet er at vi saman finn vegar som kan bidra til endring.

Vi kan samarbeide med andre instansar som arbeider med barn og unge, for eksempel barnehagar/skular, helsesjukepleiarar, barneverntenesta, PPT, BUP og fastlegar.

Hovudregelen er at familieteam er inne i ein avgrensa periode. Målet er at tilboda skal auke kompetansen hos våre innbyggjarar på ein slik måte at barnet og familien sitt strev vert redusert.

Det er mange vegar til å få det betre i livet når du har det vanskeleg. Utforsk gjerne våre tilbod for å sjå om noko av det kan passe for deg. Dersom du er usikker på kva som vil vere riktig for deg, kan du ringe oss så hjelper vi deg på riktig veg. Alle tenester frå familieteamet er gratis og du treng ikkje tilvising.

For å søkja om støtte frå familieteamet kan ein nytta dette skjemaet.

Marte Meo

Marte Meo har vore i bruk i Noreg sidan 1990, hovudsakleg for å styrke og utvikle samspelet mellom foreldre og barn. 

Marte Meo er ein utviklingstøttande, videobasert samspelsmetode, der MM-terapeuten filmar barnet og omsorgsperson i 5-10 minuttar. Deretter analyserer terapeuten filmen, og det avtalast eit møte for gjennomgang. Dette gjentek ein så lenge ein ser behov, vanlegast 2-5 gongar.

Formålet er å sjå kor samspelet lykkast, og kor det ikkje lykkast, for å få informasjon om dei faktorar som fremmar og hemmar eit utviklingstøttande samspel. 

Metoden sitt heilt sentrale fokus er å oppmuntre mennesket til - «ved eigen kraft» - å lære og utnytte sin eigen kapasitet optimalt, og dermed forbetre og utvikle samspelet. I Marte Meo har vi alltid fokus på kva barnet treng og korleis det blir møtt, og med løysningsfokusert tilnærming. Korleis er kvaliteten på kontakten? Kva ser du som fungerer? Kva fungerer ikkje? Settast det ord på barnet sine eigne handlingar? Beskriving gir forståing for barnet!

Terapeuten visar utvalde videoklipp/bilete, for å synleggjere for omsorgspersonen dei elementa i samspelet som skal utviklast for å hjelpe med det aktuelle problemet, og kva dei eventuelt kan gjere annleis.

Å bruke videoklipp for å synleggjere bodskapet, minimerer risikoen for misforståing og klargjera kva for samspelselementar som skal optimaliserast.

Metoden hjelper omsorgspersonen å sjå barnet sitt i samspel, og gjennom dette oppdage kva behov barnet har i dei ulike situasjonane, kva dei som omsorgsperson kan gjere annleis, samt kva for idear dei har fått til vidare utviklingstøttande tiltak.

For meir informasjon les her.

PMTO (Parent Management Training)

PMTO er eit behandlingstilbod til familiar med barn som viser tydelege teikn på åtferdsvanskar (3-12 år). PMTO har som mål å atterreise eller byggje eit positivt og utviklingsstøttande forhold mellom barn og foreldre, og bryte negative samspelsmønster.

PMTO står for Parent Management Training – Oregon, og er eit lågterskeltilbod til foreldre som har barn som viser åtferdsproblem.

Ein tilbyr PMTO i statlege og kommunale tenester for barn og unge over heile Noreg.

Kven er tilbodet for?
Tilbodet vert gjeve til familiar med barn i alderen 3 til 12 år, der barnet viser åtferdsproblem.

Kva er målet med behandlinga?
Målet med behandlinga er at foreldra og barnet skal atterreisa ein positiv relasjon. Opposisjonell åtferd skal reduserast, og positiv utvikling skal fremjast.

Korleis jobbar vi?
PMTO-tilbodet inneber eit tett samarbeid mellom ein terapeut og ein familie.

  • Det er møter kvar veke mellom terapeuten og foreldra
  • Begge foreldra bør delta om dei bur saman. Eventuelle steforeldre, som bur saman med barnet, bør alternativt delta
  • Barnet deltek på møta ved behov
  • Foreldra får trening i korleis dei kan samhandla med barnet på ein konstruktiv måte
  • Det er fokus på kva som går bra i samhandlinga
  • Foreldre og terapeut utarbeider i samarbeid mål og delmål for behandlinga
  • Måla blir evaluert i fellesskap gjennom heile behandlingsforløpet
  • Vanleg behandlingstid er 6–9 månadar

Kort introduksjonsvideo om PMTO

Foreldrerettleiing

                                                 "eg er så lei av å kjefte og mase om at"....     

  • barnet ikkje vil sove og vi er så slitne at vi er nesten desperate»
  • 4-åringen nok en gang har slått seg vrang under handleturen»
  • barnet forhandlar i det uendelege, lenge etter at tolmodigheita vår er slutt»
  • vi har vært gjennom nok en dag med brotne avtalar»
  • enda ein ettermiddag med søskenkrangling»

Høyrest dette kjent ut? Alle barn oppfører seg slik frå tid til annan. Nokre gonger ender det med at vi som foreldre handlar spontant med frustrasjon og sinne. Når denne veremåten blir eit mønster som gjentar seg over tid kan foreldre trenge nokon å rådføre seg med.

Vi tilbyr målretta rettleiing der vi trener på alternative måtar å møte barnet på. Betre samarbeid og gode beskjedar

  • Læring av nye ferdigheiter gjennom systematisk bruk av ros og oppmuntring
  • Grensesetting og regler
  • Tilsyn og oppfølging
  • Problemløysing knytt til daglegdagse utfordringar i familien

Både foreldrerådgjeving og PMTO-behandling inneber møter á ein time kvar veke. Timane inneheld drøftingar og praktiske øvingar der vi trener på å finne gode løysingar på korleis de kan styrkje samspelet i familien.

Tilbodet tar sikte på å hjelpe familien så tidleg som mogleg. Rådgjevinga er eit korttidstilbod som strekk seg over 4–6 møter.

COS-P (Circle of security - parenting)

COS-P er eit førebyggjande foreldrekurs utvikla for alle.

Foreldre ønskjer å gjere det beste for barna sine. Alle foreldre finn likevel foreldreskapet utfordrande på ulike vis. COS-P - også kalla tryggleikssirkelen - rettar seg mot foreldra si evne til å forstå barnet sine grunnleggjande behov for tryggleik, å høyre til og autonomi. Når barnet sine behov blir forstått vil barnet si kjensle av tryggleik og forståing av seg sjølv auke. Målet er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg i seg sjølv, slik at det vil stå sterkare til å møte utfordringar i livet.

hDwmnvxA 0G 5fvG 9ft 3oxf 8DZwT 86JIW 5GIAAAAASUVORK 5CYII=

Tryggleikssirkelen er eit foreldrevegleiingsprogram som ynskjer å gje de foreldre eit «vegkart» til å forstå barnet sine behov og signal, og modellar for korleis foreldre kan prøve å møte desse behova. Vi tek utgangspunkt i nyare tilknytingspsykologisk teori og forsking.  

Programmet er konkret, og teorien som vert presentert vert knytt til eksempel og samtale.  COS-P kan gje deg høve til å bli ein enda betre forelder for ditt barn.  

Tilbodet gis som ei førebyggande gruppeintervensjon retta mot foreldre, helst mor og far saman. Tiltaket er utvikla for familiar utan kjend risiko for utvikling av tilknytingsproblematikk.

Tema vi gjennomgår i COS-P:

  • Utforsking av barnet sine behov rundt heile tryggleikssirkelen:
    Barnet sine behov for foreldra si støtte, både når dei utforskar verda, og når dei opplev vanskelege følelsar. Behov for både sjølvstende og å høyre til.
  • Å være saman om følelsar:
    Vi ser at barn ikkje lærar å handtera følelsar aleine, men ved hjelp av omsorgsgjevaren, og at dette er viktig for utviklinga av trygg tilknyting.
  • Vegen til tryggleik:
    Korleis foreldra er tilgjengelege kjenslemessig vil påverke korleis barnet uttrykker sine følelsar og sine behov. 
    Korleis foreldra reflekterer om barnet sine følelsar og eigne reaksjonar er avgjerande for korleis barnet si tilknyting til foreldra blir. 
  • Utforsking av det vi strevar med:
    Kva har vi med oss av eigne erfaringar som påverkar korleis vi møter barnet?
    Balansen mellom det å være ein tydeleg leiar, og samtidig snill og god i foreldrerolla.
  • Betydninga av reparasjonar i relasjonen:
    Når vi ikkje klarer å følge barnet sitt behov og oppfører oss på ein måte vi ikkje ønskjer som forelder. Korleis reparere relasjonen igjen og komme oss tilbake på sirkelen?

Samtaletilbod til barn og ungdom

Gjev barnet/ungdommen din uttrykk for å vere meir engsteleg eller trist enn det som er vanleg?

Familieteamet nyttar mellom anna kognitiv åtferdsterapi der ungdommen lærer meistrings-ferdigheiter, slik at ein kan takle stress, bekymringar og det å vere trist betre. Eksempel kan vere; forholdet til venner, å møte det ein fryktar, å løyse problema og å utvikle eit betre sjølvbilde.

Å vere trist og uroleg kan påverke både skuleprestasjonar, sosiale relasjonar og sjølvkjensla. Kognitiv åtferdsterapi kan førebygge risiko for å utvikle meir alvorlege utfordringar.

Tenkjer du at eit samtaletilbod er noko ditt barn/ungdom kan ha nytte av sender du ein søknad til familieteamet. 

Ungdomslos

Ungdomslos er eit tilbod til ungdom med lågt skulenærvær og/eller ungdom som opplev sosialt utanforskap i Kvinnherad kommune. Målsetting for losarbeidet i vår kommune er å forhindra at barn og unge hamnar på utsida av samfunnet og er i marginaliserte miljø.

Skulenærvær, oppleving av meistring og gode sosiale nettverk er avgjerande for at barn og unge skal delta i samfunnet og trivast i sine nærmiljø. Våre to ungdomslosar kan gi ungdom tett og tilrettelagt oppfølging i form av motivasjonsarbeid og vegleiing i og utanfor skulen, og i overgangane mellom barneskule, ungdomsskule og vidaregåande opplæring. 

Ungdomslosen vil fyrst og fremst ha fokus på å bygge ein god relasjon til ungdomen og få fram ungdomen sin stemme, ynskjer og behov. Ungdomslosen har teieplikt. 

Ungdomslosen vil:

  • vera tilgjengeleg for ungdomane og til stades på ungdomane sine eigne arenaer (skule, heim og fritid).
  • samarbeida tett med ungdommen sine foreldre eller andre omsorgspersonar
  • hjelpa og motivera ungdom til å koma i kontakt med tenester som kan gje naudsynt hjelp.
  • samarbeida tett med skulen og andre tenester, og bidra til at hjelpa som vert gjeve er heilskapleg og tilrettelagt. Ungdomen skal alltid vera godt orientert og gje samtykke til samarbeidet som gjerast.