Tidlegare utlysingar har prioritert særskilte lærefag. Denne gongen vert det lyst ut slik at alle kan søkja. Ordninga vert open for alle, men i sakshandsaminga vil tildelinga innan eitt og same utdanningsprogram ikkje overstiga 35% av den totale tildelinga. Sakshandsaminga vil også verta avhengig av behov, region og tal søkjarar.
Fagbrev på jobb
Vestland fylkeskommune styrker ordninga fagbrev på jobb ved å omdisponera statlege midlar. Fagbrev på jobb er ei opplæringsordning for vaksne arbeidstakarar som ønskjer å gjennomføra opplæring fram til fagbrev i bedrifta dei er tilsett i. Du må ha to års relevant yrkeserfaring for å starta opplæringa.
Fristen for å søkja er 1. februar 2023