Om barnehagen
Eventus Valen barnehage er «barnehagen mellom fjord og fjell», og me ligg fint til på Valen med utsikt over sjøen. Me er ein natur- og friluftsbarnehage, og me bruker store deler av dagane ute. Me har eit stort uteområde som er utfordrande og spennande med både tre, klatrevegg og ulike apparat som er godt tilrettelagt for variert bevegelse.
I nærmiljøet vårt har me skog, mark og sjø, og turmåla våre er dermed varierte. Hatlane, Velteplassen, Postvegen, Tarzanløypa og Sjukehusparken er flittig brukte turmål.
På Valen har me garden med kyr og kalvar, og me har Valen Ranch der hestane går ute. Næraste nabo er Valen skule der me er på besøk i Valeparken og på skuleplassen.
Me er heldige som har ein flott gymsal med masse forskjellig utstyr i barnehagen. Der har me balansebommar, ribbevegg, store puter og anna utstyr, i tillegg til ei Smartboardtavle.
Mykje av den pedagogiske verksemda i barnehagen skjer ute, enten ute på leikeplassen eller på turar rundt omkring i nærmiljøet. I naturen får barna gode opplevingar og erfaringar, og me ynskjer at barna skal bli glade i å ferdast i naturen og lære å ta vare på den.
Barnehagen har eigen lavvo nede ved stranda, som avdelingane brukar ofte. Der har me eiga strandlinje der me kan leite etter krabber og skjell. Avdelingane har heildagsturar til lavvoen, og då er det godt for dei minste å ta seg ein kvil i lavvoen eller i ei hengekøye.
Me har òg eigen minibuss som gjer at me kan oppleve mange forskjellig turmål rundomkring i kommunen vår. Minibussen er svært populær blant barna, og dei gler seg alltid til dei skal på tur.
Alle måltid blir servert i barnehagen. Kvar avdeling har eit varmt måltid i veka, og middagen kan like godt vere laga ute på bålpanna som inne på kjøkkenet. Me legg vekt på sunt kosthald og gode, varierte matopplevingar.
Eventus Valen barnehage tilbyr plass til barn i alderen 0-6 år. Det er mogleg å søkja barnehageplass heile året. Barnehagen tildeler plass ved ledig kapasitet.
Opningstider: 06.30 - 16.30