Mange, både tilsette som ikkje arbeider i kommunen og kommunalt tilsette har meldt seg for å bistå i ein eventuell kritisk situasjon. Diverre har me ikkje høve til å ta kontakt med alle direkte, men alle som har fylt ut det digitale skjemaet er registrert, og vil bli kontakta dersom/når behovet tilseier det. Fram til no prioriterer kommunen å omdisponera eigne tilsette. I dag er det 167 som har registrert seg, medan kommunen har ei oversiktliste med kring 210 personar som er fordelt på ulike einingar innanfor Eining Helse og Omsorg.
Det er oppretta tre bemanningsteam som er plassert på Halsnøytunet, Husnestunet og Rosendalstunet. Denne staben koordinerer og tek kontakt med dei ressursane ein måtte ha trong for i ei kvar tid.
Det har vore mykje og kjapp opplæring i bruk av digitale verktøy, for at alle bemanningsteama kan arbeida på tvers med å halda oversikt på alle som har meldt seg. Kvinnherad kommune ynskjer å takka alle som stiller opp og som på kort varsel takkar ja til opplæring på nye arbeidsstader og nye arbeidsoppgåver