Bli med på ein tur til Eikens i Gjetingsdalen, høyr historia om garden og sjå kor fint det er her i Maurangerfjorden, ein solrik vårdag i april 2020.

I samband med at Kvinnherad kommune arbeider med kommunedelplan for kulturminner, har det vorte laga ein liten film om eit av dei viktige kulturminna i kommunen vår. Garden Eikenes i Gjetingsdalen er eit rekkjetun som er i drift. Eit levande kulturminne som eigarane viser kor viktig det er å føre arven vår vidare, ved å restaurere bygningane og formidle gardshistoria vidare.

Filmen er meint som ein inspirasjon for arbeidet med kulturminner og plan for desse i Kvinnherad, og som eit eksempel på korleis nokon fører kulturarven vår vidare. Tekstdokument til filmen vil koma.

Ta gjerne kontakt med oss i kommunen, og blir med på arbeidet med denne kommunedelplanen. Alle kan delta. Sjå og informasjon om gjestebod og månadens kulturminne.