På skattesetelen finn du og informasjon om kvar og korleis du klagar. Meir informasjon om dette finn du òg på kommunens heimeside: www.kvinnherad.kommune.no/eigedomsskatt
 
Frå 2021 vil dei fleste bustadeigedomar ha eit takstgrunnlag frå Skatteetaten. Dette kallast for formuesgrunnlag. Alle eigedomar som har eit slik formuesgrunnlag vil få eigedomsskatt utrekna i samsvar med dette. I Kvinnherad kommune er det ca. 15-20% av bustadeigedomane som ikkje har formuesgrunnlag frå Skatteetaten. For disse eigedomane og andre eigedomar utan formuesgrunnlag, som for eksempel tomter og næringseigedomar, blir eigedomsskatten rekna ut med grunnlag i kommunal takst. Informasjon om kva type eigedomsskattegrunnlag dykkar eigedom har, står på skattesetelen.
 
Skatteliste for offentleg ettersyn blir offentleggjort fredag 26. februar. Denne vil vere tilgjengeleg på rådhuset og på Kvinnherad kommunes heimesider.
 
Første faktura blir sendt ut i veke 8, med forfallsdato 15. mars 2021. Hugs at faktura for eigedomsskatt alltid må betalast innan fristen, sjølv om ein er usamd med skatten og er i ein klageprosess. Dersom de får medhald i ein eventuell klage, blir beløpet refundert. For nokre eigedomar kan ein oppleva at ein mottek faktura før ein mottek eigedomsskattesetel. Dette vil vi beklage, men det er viktig å påpeike at dette ikkje vil ha nokon betydning for klageprosessen då klagefristen uansett er 12. april og skal ta utgangspunkt i eigedomsskattesetelen.
 
Klagefrist for eigedomsskatt i Kvinnherad kommune er 12. april. Kvinnherad kommune skal handsame eventuelle klager på kommunal takst. Ved formuesgrunnlag skal klagen rettast til Skatteetaten, sjå meir om det her: www.skatteetaten.no/klage. Hugs at dersom ein klage skal vere gyldig, må den vere skriftleg. Sjå meir informasjon om dette på heimesida.
 
Ved eventuelle førespurnader om eigedomsskatten anbefaler eigedomsskattekontoret at dette blir gjort per mail til post@kvinnherad.kommune.no.