Kor finn du fakturaen din?

Du finn oversikt over alle fakturaane dine på denne sida:  Innbyggjarinnsyn for faktura.

AvtaleGiro
Dersom du som kunde har AvtaleGiro med efakturavarsel, vil òg belastningsoppgåva verta forsøkt distribuert digitalt. Den nye fakturablanketten vil ikkje ha noko girodel til brevgiro. Ei god løysing for deg som ikkje har nettbank, eller andre digitale løysingar, vil vera å oppretta AvtaleGiro med efakturavarsel, så får du tilsendt belastningsoppgåve i posten.

eFaktura
Du opprettar eFaktura i banken. eFaktura sikrar at fakturaen kjem kjapt fram, samt at den er ferdig utfylt så du slepp å tasta kontonummer, KID og beløp. EFaktura må godkjennast i nettbanken.

Faktura via Vipps
Gjennom den nye løysinga har vi no moglegheit til å tilby Vipps eFaktura. Dette føreset at du nyttar Vipps og har aktivert Vipps eFaktura inne i appen.

Faktura i Digipost/eBoks
For å ta i mot faktura på Digipost/eBoks fordrar det at du har oppretta ein digital postkasse hos ein av desse leverandørane. Dersom du allereie har avtale om eFaktura eller avtalegiro med kommunen vil desse vera føretrekt framfor digital postkasse.

Faktura som vedlegg i e-post
Ønsker du å få fakturaen tilsendt som eit PDF-vedlegg til e-post kan du kontakta oss for å få registrert di e-postadresse i vårt system. Vi må presisera at dersom du har andre digitale kanalar som avtalegiro, eFaktura, Vippsfaktura eller digital postkasse, vil desse verta føretrekt framfor e-post.

Faktura levert i postkassa
Dersom vi ikkje får treff i nokon av dei digitale kanalane, vil fakturaen bli levert i postkassa på same måte som tidlegare, og den einaste skilnaden du vil merka er at utsjånaden på fakturaen er noko endra. Den nye blanketten har ikkje girodel nedst, så om du ønsker å nytta brevgiro må du fylla ut ein tom giroblankett. Tomme giroblankettar kan du få i banken.

Kor ofte blir fakturaen sendt ut?

Du kan velja om du vil betala kommunale gebyr:

  • éin gong per år
  • fire gongar per år eller
  • kvar månad (12 gonger per år)

Om du vel å ikkje endra på noko, får du fakturaen fire gonger per år. Unntaket er faktura med fakturabeløp på mindre enn 1000 kroner per år – då får du uansett éin faktura, med forfall 20. mai.

Fire gongar per år

Som standard får du fire faktura per år for kommunale gebyr.

TerminPeriodeNår får du faktura?Når må du betala?
1januar, februar, marsI slutten av februar20. mars
2april, mai, juniI slutten av april20. mai
3juli, august, septemberI slutten av august20. september
4oktober, november, desemberI slutten av oktober20. november

Kvar månad

Om du ønskjer det kan du få oppdelt årsbeløpet i tolv delar og få faktura kvar månad. Forfall på månadleg faktura er den 20. i kvar månad.

For å få månadleg faktura er det ønskeleg at betalar har e-faktura eller avtale giro. Dette opprettar ein i nettbanken sin eller ved å snakka med banken sin. For å oppretta avtalegiro eller e-faktura trykk på lenke;  Inngå eFaktura/avtalegiro

Ta kontakt med saksbehandlar i eining for vatn og avløp for å få registrert månadleg faktura.     Husk å oppgi Gnr/Bnr og/eller adressa endringa gjeld for.

Er fakturaen din på under 1000 kroner per år kan du ikkje velja månadleg faktura. Då vil den uansett koma éin gong per år.

Éin gong per år

Om du ønskjer å få faktura kun éin gong per år er forfall 20. mai. Du vil få fakturaen i starten av juni.

Faktura ved fleire eigarar eller ved sal av eigedom

Er de fleire eigarar av ein eigedom vil fakturaen sendast til éin av eigarane. Ønskjer de å dela på å betala rekninga må de ordna dette dykk imellom.

Ved sal av eigedom blir ikkje ny eigar registrert i matrikkelen med ein gong. Vi sender faktura til den som står som eigar når det vert fakturert. Stemmer ikkje dette med salstidspunktet eller avtalen du har med kjøpar eller seljar, må de ordna dette dykk imellom.