I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt oppstart av detaljregulering for del av
91/48 m.fl. – Næringspark Seimsfoss – Fonnafjord næringspark AS, Planid 20200009, Kvinnherad kommune.
Planinitiativ og referat i frå oppstartsmøtet med kommunen, samt dette følgjebrevet med vedlegg, finn de på
ABO sine nettsider: https://abo-ark.no/aktuelt/#reguleringsplaner.

Planområdet er om lag 60 daa, og omfattar følgjande eigedomar: gbnr. 0/0 og 1, 91/2, 4, 7, 12, 13, 48, 130,
134, 136 og 156. Delar av gbnr. 91/7, 12 og 134 er innlemma for å sikre ev. flaumsikringstiltak, og delar av
gbnr. 91/4 er innlemma for å sikre høgspentkablar i grunnen, samt frisiktsoner og fyllingsfot. Ein tek sikte på
å røre minst mogleg av desse eigedomane. Planavgrensinga er synt i vedlagte kartutsnitt, og i figur 1 ovanfor.

I gjeldande kommuneplan er areal i planområdet sett av til næringsverksemd, LNF-areal, samt bruk og vern
av sjø og vassdrag. Delar av området er omfatta av faresone flaum og støy.
I nord går framlegg til planavgrensing inn i reguleringsplan for Ljostveit - Seimsfoss - Del av 91/4 (Plan ID
20060016), der arealet er avsett til jord- og skogbruk på land, og friluftsområde i sjø/badeområde. Her omfattar
òg framlegg til planavgrensing mindre deler av reguleringsplan for Gang og sykkelsti, Seim-Rosendal
(planID 19920015). Areal innanfor planavgrensinga er elles omfatta av Reguleringsplan for Seim sentrum deler av gnr. 91 (PlanID 19830001). Delar av desse reguleringsplanane vil då bli oppheva og erstatta av ny reguleringsplan når den vert vedteken.
Føremålet med detaljreguleringsplanen er å legge til rette for ei vidareutvikling av næringsområdet i Seimsfoss,
og utvide næringsarealet nord og aust. Utvidinga vil vera i tråd med kommuneplanen. Mot vest planlegg
ein ei utviding av eksisterande utfylling i sjø. Utfyllinga i sjø er naudsynt for å kunne leggje opp til ei utviding
av eksisterande bygningsmasse mot vest og ev. etablering av eit nytt næringsbygg. Areal naudsynt til fyllingsfot
vil vera innlemma i planområdet. Ein ønsker å vidareutvikle eksisterande kai til ein djupvasskai, til bruk av
offentleg og private bedrifter i området etter behov. Ein vil òg innlemme nye tiltak som er under utvikling i
planområdet, som ny FK-butikk og trafikkmønster.
Planframlegget vil legge til rette for å vidareutvikle næringsarealet, med industri/lager, forretning/detaljhandel,
djupvasskai med tilhøyrande hamneområde, offentlege areal, vegtilkomst, gang- og sykkelveg, samt
ev. flaumsikring. Det er ikkje planlagd for tiltak som kan endre elveløpet. Vi ber særskilt om tilbakemelding i
frå NVE knytt til dette.

Konsekvensutgreiing
Reguleringsplanen skal utarbeidast som detaljregulering jf. § 12-3 i plan- og bygningslova. Planen utløyser
etter administrasjonen si vurdering ikkje krav om konsekvensutgreiing med planprogram.

Vidare arbeid
Etter at fristen for merknader er gått ut, vil ABO utarbeide eit planframlegg som inneheld planomtale, plankart
og føresegner. Ferdig planforslag vil så verta sendt kommunen for handsaming. Etter 1. gangs politisk handsaming
vert planframlegget sendt på ny høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil også då vera moglegheit
for å koma med merknadar til planframlegget før ny politisk handsaming av planforslaget.
Ein ønsker å gjennomføre folkemøte for å sikre medverknad i frå innbyggjarane i Seimsfoss. Møtet vil bli
annonsert, og halde i samband med utlegging av planframlegg til offentleg ettersyn.

Innspel
Moglege innspel og synspunkt til planarbeidet skal sendast skriftleg til:
ABO Plan & Arkitektur Stord AS, Postboks 32, 5401 Stord
Eller e-post: poststord@abo-ark.no / haga@abo-ark.no Innan høyringsfristen: 27.11.2020
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader og innspel til kommunen - dette vil ABO Plan & Arkitektur
Stord AS ivareta i samband med innsending av planframlegg.

 

Vedlegg finner du her