I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt oppstart av detaljregulering for del av
gnr./bnr. 152/1 m.fl. - bustadområde Bjelland - Sunde, Planid 20190003, Kvinnherad kommune. Varsel om
oppstart vart handsama i Forvaltningskomiteen 08.05.19. Møteprotokoll, planinitiativ og referat i frå oppstartsmøtet
med kommunen, samt dette følgjebrevet med vedlegg, finn de på ABO sine nettsider: https://aboark.
no/aktuelt/#reguleringsplaner.

Planområdet er om lag 54 daa, og omfattar følgjande eigedomar: delar av gnr./bnr. 152/1 og 2. I tillegg er
gnr./bnr. 152/99, samt delar av gnr./bnr. 152/4, 34, 36, 37, 39, 61, 62, 63, 70, 71, 74, 75, 77, 84, 85, 86, 87, 95,
98, 101, 102, 111, 151, 156, 172, 173 og 174 innlemma i planområdet, for å sikre valmoglegheiter for tilkomst.
Ein tek sikte på å røre minst mogleg av desse eigedomane. Planavgrensinga er synt i vedlagte kartutsnitt, og
i figur 1 ovanfor.
Føremål
Arealet er i kommuneplanen avsett til framtidig bustadområde og LNF-område. Området er ikkje regulert i
frå før. Føremålet med detaljreguleringsplanen er å utvikle eit bustadområde med utgangspunkt i kommuneplanens
arealdel, med nokre mindre justeringar mellom bustadareal og LNF-område. Det er ønskjeleg med ei
variert utbygging av bustadområdet, som harmonerer med eksisterande busetnad og landskap/terreng, men
som og stettar føringar for ei meir konsentrert bustadbygging. Ein ser føre seg ein kombinasjon av einebustader,
to- og fleirmannsbustader, samt eit tun med bueiningar der ein vil samle hovudfunksjonar på eitt plan
og slik leggje til rette for livsløpsstandard. Det vil i planarbeidet bli lagt til rette for å sikre allmenn ferdsle
gjennom området, knytt opp mot eksisterande tilhøve innanfor og utanfor planområdet.

Etter oppstartsmøtet er terrengforholda nærare vurdert, og ei justering av planavgrensing og arealføremål
vart drøfta med kommunen ein gong til. Kommunen vurderte det slik at ein kan ta med utvidinga i planområdet,
samt det føreslåtte arealbytet, dersom ein i planomtalen gir ei god forklaring av arealvalet, legg vekt
på tilpassing til terrenget og tek ei grundig landskapsvurdering (ut frå terreng, geografi, vegetasjon m.m.) i
planomtalen.

Konsekvensutgreiing
Reguleringsplanen skal utarbeidast som detaljregulering jf. § 12-3 i plan- og bygningslova.
Om planprogram og konsekvensutgreiing
Planen utløyser etter administrasjon si vurdering ikkje krav om konsekvensutgreiing med planprogram. Dette
skal berre vurderast på nytt når store landbruksområde blir omdefinert og planmessig tatt i bruk med andre
føremål som f. eks. bustader eller tilsvarande infrastruktur. Området er tidlegare konsekvensutgreidd i samband
med kommuneplanens arealdel.
Merknadar
Moglege merknadar og synspunkt til planarbeidet skal sendast skriftleg til:
ABO Plan & Arkitektur Stord AS, Postboks 32, 5401 Stord
Eller e-post: poststord@abo-ark.no / haga@abo-ark.no;  Innan høyringsfristen: 28.06.2019
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader og innspel til kommunen - dette vil ABO Plan & Arkitektur
Stord AS ivareta i samband med innsending av planframlegg.
Vidare arbeid
Etter at fristen for merknader er gått ut, vil ABO utarbeide eit planframlegg som inneheld planomtale, plankart
og føresegner. Ferdig planforslag vil så verta sendt kommunen for handsaming. Etter 1. gangs politisk handsaming
vert planframlegget sendt på ny høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil også då vera moglegheit
for å koma med merknadar til planframlegget før ny politisk handsaming av planforslaget.

- Oversendingsbrev

- Planavgrensing

- Notat angåande LNF-område