Kvinnherad turlag har stått på hardt den siste månaden med å rigga seg klar til å drifta hytta, med alt det inneber. Bøkene til minibiblioteket vil bli plassert ut i hytta når drifta er komen godt i gong.

Publikum er oppmoda til å ta omsyn til smittetrykket, og berre gå inn i hytta som kohortar. Det står handsprit framme, og dei som er sjuke kan sjølvsagt ikkje gå inn i hytta.

Vi ber også om at publikum tar av seg utesko og våte kle før dei går inn.

Vi har observert jamt tilsig av besøkande til Nautavatnet i løpet av byggeperioden, og gler oss over at hytta no kan takast i bruk. Vi ber alle om å bidra til å halda hytta og området rundt reint og triveleg.

 

Kvinnherad turlag

Kvinnherad kommune

 

hfR 8eHkF 9YyuiadPdXMNw 4mw 4znjF 4H 8D 7a 3fW 25aIkQAAAAASUVORK 5CYII=