31. august lyste Kvinnherad kommune ut ein namnekonkurranse for den nye Dagsturhytta ved Nautavatnet. Engasjementet var stort, og når fristen var ute 21. september hadde det kome inn 154 forslag på e-post og i sosiale media. Juryen, som har gjort ei grundig vurdering av forslaga, består av Silje Nordtveit Olsen (Levekårsutvalet), Hermund Fenne (Kvinnherad Turlag) og dåverande ordførar Hans Inge Myrvold. Namnet som nådde til topps i vurderinga vart: FAGNABU. Her var det fleire som hadde foreslått dette namnet, og det måtte difor trekkast ut ein vinnar av desse. Den heldige vinnaren av turutstyr til ein verdi av 500 kr vart: Lillian Tveit Liarstøl

Grunngjevinga til juryen er som følgjer:

Grunngjeving frå juryen for namnevalet FAGNABU
Fleire einskildpersonar har kome med framlegg om å kalla dagsturhytta for Fagnabu. Vi reknar med at desse framlegga har bakgrunn i to forhold:

Geografisk nærleik til Fagnabotn
Hytta ligg nokså nær Fagnabotn, eit område mellom Bjørkestølen, startområdet for hovudstien til dagsturhytta, og området ved Nautavatnet, der hytta er plassert.

Fagnabotn er eit særmerkt, gamalt namn. På veg til hytta kjem ein i Fagnabotn inn i ein eirgrøn, flat dal mellom høge fjell. Området må frå gamalt av ha vorte sett på som ein stad med godt beite, samstundes som dei omkransande fjella og liene har gjeve godt ly mot vind og nedbør. Dalbotnen er så flat at elva frå Nautavatnet renn i rolege svingar mellom grøne vollar. Også vinterstid er dette eit område som kjennest trygt og venleg for dei som ferdast der.

Språkleg innhald i framleddet fagna(d)
Førsteleddet i namna Fagnabotn og Fagnabu er anten substantivet fagnad (glede, hugnad,  ifølgje Nynorskordboka) eller adjektivet fagna (lukkeleg, signa; venleg; heiderleg, aktande, bra eller: dugeleg, drusteleg, ifølgje Nynorskordboka).

Namnet FAGNABU viser då til ei hytte som ligg i nærleiken av Fagnabotn og som gjev glede og hugnad, ein stad der ein vert venleg teken imot, og der ein kan kjenna seg lukkeleg og glad.

Namnejuryen

 

(På bilete: Hermund Fenne og Silje Nordtveit Olsen)