Frivilligprisen vert gjeve til ein initiativrik person, lokal foreining eller ei gruppe, som gjennom sine idear og med sitt pågangsmot har betra trivsel og livskvalitet for andre og medverka til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn i Kvinnherad. I år som tidlegare fekk me inn mange gode forslag, men «Turstiar på Sunde» skil seg ut med fleire gode nominasjonar. 

 

«Turstiar på Sunde» er nominert for sitt pågangsmot, drivkraft og brennande ønskje om å få til gode og lett tilgjengelege turstiar for alle i skogane på Sunde og omegn. Det er ein flott gjeng med frivillige som bidreg til at heile Kvinnherad-samfunnet får gleda av fine turar i sitt nærmiljø, utan å måtte vere topptrent eller finne eigne vegar. Dei er rett og slett fantastiske skriv ein av dei som har nominert gruppa.

 

«Turstiar på Sunde» vart grunnlagt i 2008. Bjørn Heimvik er ein av initiativtakarane, og gruppa har brukt svært mykje ressursar på å etablera og driva Turstiar Sunde. Gjengen har nett runda fantastiske 30.000 dugnadstimar. 

 

«Turstiar på Sunde» planlegg dugnadar, organiserer alt som skal til for å utføra det fysiske arbeidet, alt frå å skaffa material til å få på plass helikopter med utstyr. Gruppa, med Bjørn i spissen, har ei unik evne til å få folk med seg i denne type arbeid, både til det fysiske og administrerande arbeidet.

 

«Turstiar på Sunde» er initiativtakar til å opparbeida og vedlikehalda mange turstiar på Husnes /Sunde-området. «Turstiar Sunde» har rundt 20 stiar som er opparbeida og som dei er med å halda ved like. Til dømes fleire stiar til Kaldestadåsen, stiar til Fenafjell, til Åskesneset med gravrøys og krabbaholo, og stiar til Bjellandsneset, langs Opsangervatnet og til Kaldaneset. Det er også leikeplassar tillaga i Trollskogen og gapahukar og lavvoar. Etter at ein av stiane til Kaldestadåsen i haust vart øydelagt i fleire omgangar, manna gjengen seg opp og reparerte skadane utan å mukka. 

 

Gjengen har verkeleg fått gjort svært mykje som er til gagn og nytte, for ikkje å seia er med på å auka livskvaliteten til oss alle i Kvinnherad. Alt skal vera basert på trivsel, og sosialt samhald i dugnadsgjengen, både for dei som utfører fysisk arbeid, ordnar med økonomi eller driv lotteri. Det er pålagt sosialt samvær med kaffikos etter kvar dugnad!

 

Me er takksame for den frivillige innsatsen alle gjer i Kvinnherad og gratulerer gjengen bak «Turstiar på Sunde» med årets frivilligpris. Onsdag 8. desember vil me heidra dei med festmiddag og formell utdeling av både frivilligpris og kulturpris.

 

 

Bilete: Bjørn Heimvik