Om barnehagen

Villvettene er dette året 10 barn som møtes i HIL-klubbhuset. Når alle barna er på plass og frukosten er ferdig  skal dei ut på turar i bygda. Gruppa har sine faste plassar der dei gjennomfører dagens plan. Vi brukar dagleg elv, sjø, vatn og fjellet – ja, heile bygda vi er ein del av. I bagasjen er det ofte utstyr som hammar, spiker, sager, knivar med meir. Vi har ein bane rett utanfor huset som det er mykje leik på, to-hjulsyklar er ikkje uvanleg for denne gjengen. 

Solsikkene har dette året 16 flotte barn, det kjem fleire utover vinteren. Denne gruppa legg vekt på språk, sosiale relasjonar, knyta gode venskap til kvarandre, læring av grunnleggjande kunnskap gjennom leik. Dei siste åra har vi brukt IT-utstyr i denne gruppa. Ikkje som barnevakt, men som førebuing til den verkelegheita vi lever i. Det kan vera programmering av  bier som lærer  barna fargar, omgrep som høgre, venstre, bak, fram, til sides med meir. Det kan vera å byggja togbane som barna kan køyra etterpå med hjelp av ein app. På turar brukar vi mikroskop som kan overføra bilete til iPad, forstørra opp ting vi finn i naturen og sjå det vi ikkje ser med det blotte auga.  

Blåklokkene har 9 barn som skal jobba i lag denne hausten, dette er ei fin gruppa med barn som skal ut i den vide verda. Barnehagen skal vera ein trygg stad for dei i kvardagen. Desse barna treng vaksne som gir dei i bøtte og spann av tryggheit, omsorg, struktur, gleder og kvardagar som er like, samstundes som det er ein trygg variasjon i dagane. Vi går masse turar i nærområdet, og Soltoppen som ligg om lag 50 meter frå er ein god tur. Det er òg fint å gå tur rundt i bygda vår og sjå på dyr, hestar, kyr, nyfødde kalvar, sauer og lam - naturen vi har rundt oss!  Leik er viktig i denne gruppa, først skal barna finne sin eigen leik før det blir samspel med andre barn. Veldig fin periode i alle barn sine liv! 

Felles for alle barna er at vi skal jobba mykje med IT-utstyr, årstider og gamle gode eventyr. Barnehagen skal førebu barna inn i framtida med IT, finna spenning i  gamle eventyr og segn, og  dei utømelege moglegheitene vi har innan dei ulike årstidene. Barnehagen vektlegg satsingane våre etter alder og modning hos barna. 
 

Vi jobbar med
Vera saman - kompetanseløft i barnehagen. 

Fem kjerneverdiar:

  • Vaksenstilen
  • Tidleg innsats
  • Kommunikasjon og samspel
  • Handtering av utfordrande åtferd
  • Implementering og organisasjonsutvikling 

Språk og realfag er nasjonale satsingsområde som høver godt inn i det daglege livet i vår barnehage. Barna får begge fagområda tilpassa sine behov og ynskjer. Dei er med å påverke innhaldet i kvardagen sin på ein positiv måte.

Vi brukar heile bygda vår som ein del av barnehagtilbodet. Barnehagen har mange faste turplassar og område som vi brukar til leik, læring og kunnskapbygging om bygda og naturen vår. Vår tanke er at barnehagen er så langt barna klarar å gå til!

Vi vaksne jobbar etter  visjonen: «Vår barnehage ynskjer varme og grensesettande vaksne med relasjonar som skapar trygge og nysgjerrige barn».

 

Opningstider: 06.45 - 16.30

Råd og utval

FAU
Blåklokkene:
Leiar: Øystein Litsheim tlf: 41 56 41 45
Vara: Silje Reime-Johansen tlf: 97 74 66 51
          Atle Reime-Johansen tlf: 90 05 66 09

Solsikkene:
Leiar: Tore Jakobsen tlf: 40 52 01 60 
Vara: Mariell Grindheim tlf 92 05 26 49

SU
Heidi Nyrud Uppheim (tilsette)
Anne Grethe Veastad (tilsette)
Øystein Litsheim (foreldregruppa)
Tore Jakobsen (foreldregruppa)
Kent Are Kjørsvik Petterson (politikar)
Alf Jarle Langeland (vara, politikar)
Solveig Vik (einingsleiar) - tale og møterett