- IKT er ein viktig innfallsport til å styrka særleg gutar på språksida. Det handlar om å møta barna der dei er, seier styrar Solveig Vik.
Vidare seier Solveig: Når barna jobbar med digitale verktøy, så kan det vera spel der barna lærer tal, fargar og omgrep på nettbrett. Eller det kan vera at dei får hjelp til å programmera ei mus til å gå rundt om kring på gulvet etter kva farge det er der.
Dette er heilt i tråd med rammeplanen til barnehagane, som seier at den digitale praksisen til barnehagen skal bidra til leik, kreativitet og læring.