For at ein skal kunne tilfredsstille krava gitt i Forskrift om brannforebygging som seiar at både hyppigheit og gjennomføring av feiing og bustadtilsyn skal være risikobasert er ein avhengig å samla inn rett dokumentasjon. For å letta innsamling av dokumentasjon og for å eit godt system for å bearbeida innsamla data gjekk ein til innkjøp av fagsystemet Cubit i 2020. Ein har fått opplæring i bruken og ein har fått testa programmet slik at ein no er klar til å legga inn dokumentasjon i programmet.
 
Feiarane har starta på ein to årsplan kor ein har som hensikt å komma igjennom alle bustadhus i kommunen og samla inn den informasjonen som er naudsyn. Dette vil i praksis seia at ein vil gjera feiing og bustadtilsyn samstundes på ein bustad. Ein feiar vil feia mens den andre snakkar med huseigar og legg informasjonen direkte inn i Cubit ved hjelp av IPad. Samtalen vil være ein enkel form for bustadtilsyn kor ein og går igjennom dei viktigaste brannførebyggande tiltaka ein som eigar bør/skal ha orden på (COVID19 smittevern er tatt høgde for). 
 
Når ein har vore igjennom heile kommunen så vil ein kunne utføra ein ROS-analyse etter bestemte kriterar, som seier kor ofte feiing og bustadtilsyn skal utførast for det enkelte fyringsanlegg. Når ein har fått dette på plass så vil ein gjera det same med fritidsbustader som etter gjeldane forskrift har fått same krav som bustadhus.
 
Vi ber om at førespurnader som går på feiing og bustadtilsyn blir vidaresendt til Kvinnherad brann og redning v/førebyggande avdeling.
 
Feiarane kan nåast på telefon eller e-post, men ein må ta høgde for at desse ikkje alltid kan svara då dei kan være mitt i ei feiing eller eit tilsyn.  Legg igjen ein beskjed på sms eller e-post så tek dei kontakt ved høve.
 
Kontaktinfo:
 
Feiar Alf Steinsvik                                       Mobil: 918 28 342          E-post: alf.steinsvik@kvinnherad.kommune.no
 
Feiar Sindre Eidsvik                                    Mobil: 910 02 944          E-post: sindre.eidsvik@kvinnherad.kommune.no
 
Leiar førebyggande Øyvind Ousdal         Mobil: 970 74 594          E-post: oyvind.ousdal@kvinnherad.kommune.no