Stiftinga Framtidshavet, Hardangerrådet IKS og Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS har gått saman om det som ligg an til å verta verdas største ryddeaksjon.

Heile Hardangerfjorden skal ryddast frå innerst og heilt ut til havgapet ved Bømlo under den nasjonale Strandryddeveka i september.

Vi tek sikte på at det offentlege, skular, næringsliv, og frivillige organisasjonar langs Hardangerfjorden saman vil delta på denne store dugnaden.

 

Bli med du og! 

 

FØREBELS PROGRAM FOR STRANDRYDDEVEKA 12.- 16. SEPTEMBER: 

Inspirasjonsbesøk til skulane 

Rundebordskonferanse med deltakarar frå inn- og utland 

Inspirasjonsarrangementet Fjorden Future Club for alle som deltek på ryddeaksjonen 

Fjorden Aid – Konsert som takk for deltaking, og til inntekt for Rein Hardangerfjord 2023 

 

Meir detaljar om programmet vil koma seinare.

Om du har spørsmål ta kontakt med kommunen.