SAMARBEID
Alle barnehagane samarbeider med helsestasjon– PPT – barnevernstenesta – skule m.fl.
Barnehagetilsette har
- teieplikt, jf. Barnehagelova §44 og Forvaltningslova §13
- opplysingsplikt til sosialtenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta, jf. Barnehagelova §45,
- opplysingsplikt til barnevernstenesta, jf. Barnehagelova §46.
TILBODET I BARNEHAGANE
- Barnehagelova m/forskrifter er styrande for innhald og drift av barnehagar.
- Rammeplanen for barnehagane er styrande for innhald og oppgåver.
- Alle barnehagar er plikta til å utarbeida eigen årsplan
- Barnehagane skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barn sine behov for omsorg og leik, og fremja læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling, jf. barnehagelova § 1 Formål.
- Plasstilbod og opningstider varierer mellom barnehagane. Meir informasjon kan ein få ved å venda seg til den einskilde barnehagen.
Inkluderande barnehagemiljø
Alle barnehagar skal arbeide for å ha eit inkluderande barnehagemiljø, jf. nytt regelverk i barnehagelova frå 01.01.2021.
Den nye lova skal sørga for at alle barn får ein trygg og god barnehagekvardag:
§ 41: Nulltoleranse og førebyggjande arbeid mot krenkingar, utestenging, mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Alle som arbeider i barnehagen skal gripa inn når eit barn i barnehagen vert utsett for slike hendingar.
§ 42: Plikt til å sikra at barnehagebarna har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø; Aktivitetsplikt.
§ 43: Skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeider i barnehagen, krenkar eit barn.
SØKNAD OM BARNEHAGEPLASS
Du kan søkja barnehageplass i Kvinnherad kommune gjennom heile året når barnet ditt har fått fødselsnummer. Alle som vil søkja barnehageplass i Kvinnherad kommune skal nytta elektronisk søknadsportal.
Elektronisk søknad
Elektronisk søknad skal nyttast ved søknad om ny eller endra barnehageplass.
Søkjar vert sett på venteliste etter fødselsdato.
Alle trinn i handsaming av søknader skjer elektronisk:
- Søknad om ny eller endra barnehageplass
- Godkjenning av søknader i venteliste
- Tildeling av barnehageplass
- Svar på barnehageplass – innan 10 dagar
Søknad om barnehageplass
Søknad om å endra barnehageplass
Søknad om auka/redusert barnehageplass og overflytting til annan barnehage vert handsama før tildeling av nye plassar.
- Søknadsfrist for endring av plass frå oppstart av nytt barnehageår: 15.februar
- Endring av barnehageplass gjennom året: ingen frist.
Søknad om ny barnehageplass – frist 15.februar
Hovudopptak: Kvinnherad kommune har 15.februar som søknadsfrist. Dette gjeld barnehageplass frå nytt barnehageår som tek til 15.august.
Svarfrist om føresette vil ha plassen eller ikkje, er sett til 10 dagar.
Rett til plass, barnehagelova § 16
Barn som fyller ett år senest innen utgangen av august det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage fra august i samsvar med denne loven med forskrifter.
Barn som fyller ett år i september, oktober eller november det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage innen utgangen av den måneden barnet fyller ett år i samsvar med denne loven med forskrifter.
Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der det er bosatt.
Søknadsfrist til opptaket fastsettes av kommunen.
Prioritert venteliste
Nokre søkjarar har etter barnehagelova førerett på barnehageplass, jf. barnehagelova § 18 og retningslinjer for opptak.
Presisering:
- Det må vera søkt om barnehageplass innan 15.februar
- Søkjarar som ikkje oppfyller rett til barnehageplass, har plass på venteliste etter fødselsdato
Opptak
Tildeling av plass, jf. forskrifta § 3
Tildeling av plass skjer via føresettportal i Visma flyt barnehage. Vert ikkje første ønske oppfylt, har ein rett til å stå på søkjarlista til denne barnehagen. Ved supplerande opptak til denne barnehagen, skal søkjarar frå søkjarlista verta tilbydd plass før søkjarar som ikkje står på søkjarlista. Søkjarar som etter barnehagelova § 18 har rett til prioritet ved opptak, skal gå føre ved tildeling av plass.
Søkjarar som ikkje vert tilbydd plass ved hovudopptak, skal få skriftleg orientering om dette.
Rett til grunngjeving, jf. forskrifta § 4
Om ein får avslag på søknad om barnehageplass og søkjarar korkje får første eller andre ønske om barnehageplass oppfylt, kan ein krevja skriftleg grunngjeving for avgjersla. Denne retten gjeld berre dei som har søkt innan frist for hovudopptak 15.februar.
Klagerett, jf. forskrifta § 6
Ved hovudopptak kan søkjar klaga over avslag på søknad om barnehageplass. Søkjar kan også klaga dersom han ikkje får sitt første eller andre ønskje oppfylt.
Supplerande opptak
Utanom hovudopptaket tilbyr barnehagane plass om det er ledig kapasitet. Plassane vert tildelte barn på ventelista, jf. retningslinjer for opptak.
KOMMUNALE BARNEHAGAR
HEILDAGSPLASS
- 40 % - 100 % for barn i alderen 0 – 2 år
- 60 % - 100 % for barn i alderen 2 – 6 år
OPNINGSTID
Heildagsbarnehagar har opningstid inntil 10 timar dagleg. Klokkeslett vert avgjort av styrar etter samråd med samarbeidsutvalet.
Barnehagane er stengt helge- og høgtidsdagar, samt jul- og nyttårsaftan. Onsdag før skjærtorsdag stengjer barnehagane kl.12.
Barnehagane har avtalefesta 37,5 timar/5 dagar i året til planlegging, jf. barnehage- og skuleruta. Barnehagane er då stengt.
VEDTEKTER
I samsvar med barnehagelova § 7 har Kvinnherad kommune som barnehageeigar godkjent vedtektene for dei kommunale barnehagane.
Vedtektene har informasjon om eigartilhøve, føremål, barnehagetilbod, ferie, samarbeidsutval m.v. Vedtekter vert gitt til foreldre før barnehagestart.
FERIE
Barna skal ha minimum 4 veker ferie i løpet av året, og 3 av desse må vera samanhengande mellom 15.06 og 15.08.
Barnehagane har ulike ordningar med ferie:
- Stengt fire veker i juli: Hatlestrand – Ølve – Åkra – Varaldsøy
- Stengt to veker mellom 15.06 og 15.08, eller anna ferieavvikling innan økonomiske rammer: Omvikdalen – Uskedalen – Bringedalsbygda – Sunde – Undarheim – Myrane.
Innan november kvart år skal styrar i samråd med FAU avgjera kva veker barnehagen skal vera stengt. Foreldre må innan 15.mars gje skriftleg melding om barnet sin sommarferie.
PERMISJON
Søknad om permisjon frå barnehageplass skal sendast til: Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.
Om søknaden vert innvilga, vil normalt vera avhengig om barnehagen klarer å fylla opp plassen som blir ledig. Barnet må ha byrja i barnehagen for at det kan bli aktuelt med permisjon.
Vedtak i søknad om permisjonar er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova, og søkjar har klagerett.
OPPSEIING AV BARNEHAGEPLASS
Kommunale barnehagar har 1 månads oppseiingsfrist. Oppseiinga skal gjerast elektronisk via heimesida til Kvinnherad kommune.
Oppseiingstid vert rekna frå den 1. i komande månad etter oppseiing. Det vert fakturert for oppseiingsmånaden.
Gjeld skulekameratane (barn som skal byrja på skulen i august):
- Siste barnehagedag før skulestart er 14.august
- Skal barnet ikkje nytta plassen i august før skulestart, gjeld vanlege oppseiingsreglar
- Vert plassen nytta fram til skulestart/14.august, er det ikkje naudsynt med oppseiing
RETNINGSLINJER FOR OPPTAK – kommunale barnehagar
Opptakskrets
Barn busett i Kvinnherad kommune har rett til barnehageplass i kommunen dersom det er søkt om plass innan frist for hovudopptak og barnet har fylt eitt år innan utgangen av november same år.
Opptaksperiode
Barnet får behalda plassen til det byrjar på skulen eller til plassen vert sagt opp.
Generelt
For barn med lovfesta rett til barnehageplass etter barnehagelova § 16, er det inga nedre aldersgrense for barnehageplass.
Barn som har rett til prioritet etter § 18, har førerett til barnehageplass før barn som har rett til barnehageplass etter § 16.
Ved opptak blir det teke omsyn til samansetjinga av barnegruppa og dei fysiske tilhøva i barnehagen.
Søkjarar vert sett på venteliste etter fødselsdato.
Prioritet ved opptak
1: Barn med nedsett funksjonsevne, jf. barnehagelova § 18.
Krav til dokumentasjon: skriftleg sakkunnig uttale frå til dømes PP-tenesta, lege.
Barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd, jf. barnehagelova § 18
Krav til dokumentasjon: skriftleg vedtak frå barnevernstenesta
2: Barn med rett til barnehageplass, jf. barnehagelova § 16.
Barn som er busette i Kvinnherad kommune og som fyller eitt år innan utgangen av august, har rett til plass frå den månaden dei fyller år. Føresetnad er at det er søkt innan utlyst frist
3: Barnet har ei tilråding frå lege, helsestasjon eller pedagogisk psykologisk tenestekontor/PPT.
4: Det er sjukdom eller andre store belastningar i familien
5: Eldste barn vert prioritert først.
Vedteke i Kvinnherad kommunestyre 25.02.2016.