I Kvinnherad kommune skal hundar haldast i band heile året - på kyrkjegardar, gravplassar, skular, barnehagar, leikeplassar og badeplassar, alle anlegg for idrett og sport og i Fatlandskogen aktivitetsområde på Halsnøy.
I tida frå og med 1. april til og med 20. august skal alle hundar haldast i band eller vera forsvarleg inngjerda eller innestengt.
I tillegg til den ordinære bandtvangstida, er det også bandtvang i tida f.o.m. 21. august t.o.m. 1. november i dei områda der bufe har rett til å beite og faktisk beitar.