Forbodet gjeld førebels fram til 30. juni 2023. Brannsjefen vil då ta ei ny vurdering om det er naudsynt å forlenga totalforbodet. Avvikling av forbodet kan først vurderast etter store nedbørsmengder over fleire dagar, og ei eventuell avviklinga v forbodet før 30. juni vil bli annonsert.

Totalforbod - Kva inneber det?

Ved eit totalforbod er det ikkje lov å gjera opp eld:

  • i og i nærleiken av utmark og innmark
  • på tilrettelagte grill- og bålplassar i eller i nærleik av skog og utmark

Forbod i utmark og innmark
Under eit totalforbod er det ikkje lov å brenna bål, nytta grill, stormkjøken, andre kokeapparat, bålpanner og anna brenning med fast brensel (ved, kull, briketter, gras, greiner ol.). Dette gjeld i skog og annan utmark eller så nær at eld lett kan spreiast vidare i terreng, samt innmarksområder.

Kva er innmark og utmark?

  • Innmark er dyrka mark, engslått og kulturbeite.
  • Utmark er det meste av skog, strand, fjell, eng, myr, vatn og annan type landskap

Lov å grilla i eigen hage
Vi presiserer at det framleis er lov å grilla i opparbeida hage, skulegard og større asfaltert område. Hugs at du alltid er ansvarleg når du gjer opp eld, uansett kor du er og når på året det er.

Verksemder
Vi ber også verksemder som driv med til dømes skogdrift, linjearbeid kraft og tele, kantklypping av vegnettet, og liknande om å vurdere og etablera tiltak for å redusere risiko for brann.

Din eld – ditt ansvar!

Totalforbodet gjeld for Kvinnherad kommune.


Kontaktinformasjon

Vakthavande brannsjef: 99 57 41 17