Plan- teknikk- og miljøutvalet i Kvinnherad vedtok 28.04.2020, sak 2020/10, at forslag til detaljregulering revidert 03.04.2020, for gang- og sykkelveg fv. 500 Herøysundet, del av gnr. 135, 136, 137, 138 og 139 m.fl., vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn for 3. gong. PlanID 20170002, sjå vedlegg.

Kvinnherad kommune er forslagsstillar for planen og plankonsulent er Multiconsult AS.

Formål med planarbeidet er å legge til rette for etablering av ny gang- og sykkelveg langs fv. 500 i Herøysundet. Planforslaget legg likevel til rette for noko utbetring av fylkesvegen, sanering av fleire eksisterande avkøyrsler og etablering av nye tilkomstvegar og kollektivhaldeplassar.

Etter vedtaket av 04.09.2019 fekk administrasjonen i oppgåve å innsnevre plangrensa slik at den omfatta gang og sykkelveg. Kvinnherad kommune tenkte seg då ei løysing der ein innsnevra planområdet og tok ut endringar på austsida av Herøysundvegen, som ikkje har direkte med gang- og sykkelvegen å gjere. Dette då målet med planen er å betre trafikktryggleiken for gåande og syklande i området. Plandokumenta vart sendt på høyring og lagt ut på offentleg ettersyn for 2. gong med merknadsfrist 06.12.2019. Det kom inn ein del merknadar, men mest tungtvegande var merknad frå Statens vegvesen. Dei kan ikkje tilrå å redusere plangrensa som skissert i høyringa.

Administrasjonen i samråd med leiinga i Kvinnheradpakken, har difor kome med eit 3. forslag til løysing. Krysset mot Bringedalsvegen vert no liggjande om lag urørt slik det eksisterer i dag, og vert ikkje føreslege flytta i dette planforslaget. Plangrensa vert difor litt innsnevra men i liten grad. For å likevel ivareta mjuke trafikantar er det regulert inn eit fortau, o_SF7. Dei mjuke trafikantane vert no ført fram til eit tryggare kryssingspunkt der dei kan krysse fylkesvegen, om lag der ein tidlegare tenkte å flytte krysset til.

Kommunen meiner at dette er eit godt alternativ til å flytte heile krysset. Slik unngår ein også å øydelegge heile hagen til eigedom 135/16. Det er vurdert om ein kunne ha flytta krysset litt lenger sør, men det vil medføre dårlegare sikt for køyrande på grunn av vertikalkurvaturen på staden.

Forslag til plankart, planomtale, føresegner mm. er å finne i kommunen sitt planregister, sjå her. 

Frist for merknadar til planforslaget er sett til 30.06.2020.

Eventuell uttale skal sendast som e-post til post@kvinnherad.kommune.no eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.

Ta kontakt ved spørsmål:
Anne Lise Næs, tlf. 476 79 967