Seminaret med tittel «kompetanse og utvikling i ei ny digital helse og omsorgsteneste», er første av fire samlingar i samband med prosjektet med same namn.
Det vil vera deltakarar frå Kvinnherad kommune, Sogndal kommune, Vestland fylkeskommune, Høgskulen i Vestland, Fagskulen, AOF, Ullensvang kommune, DigiVestland og Folkehelseinstituttet (FHI).
Dette er et viktig prosjekt som søkjer å auka digital kompetanse i sektor OHS, samt i samarbeid med utdanningsinstitusjonane. Gjennom samarbeid og kunnskapsutvikling vil ein utvikla arbeidsplassane, tiltrekkja seg nye medarbeidarar frå skulane, og styrke tenester til kommunen sine innbyggarar.