Dette samarbeidet er til stor glede for elevane, som får praksis i å snakke engelsk. Og for tilsette som får sjå korleis nyutdanna lærarstudentar frå USA praktiserer yrket. No er Jenna Boring, Amari Ingram, Molly Mcneal og Tessa Miller frå Iowa State University i praksis på Øyatun ungdomsskule, Halsnøy skule, Husnes ungdomsskule og Undarheim skule.
Amerikanske lærarstudentar på skulane
Studentane Jenna, Amari, Molly og Tessa har nytta seg av naturen i Kvinnherad og mellom anna vore på tur til Sjethaug. (Foto: Kvinnherad kommune)
Kvinnherad kommune har i mange år hatt eit samarbeid med universitet i USA og tek imot lærarstudentar som har praksis på skulane i kommunen.