Alida byrja på fiolinundervisning i Kulturskulen som seksåring. Etter at ho høyrde instrumentet første gong i eit bryllaup vart ho bergteken av lyden frå det vakre instrumentet. Heldig var ho som fekk Olena Pasichnyk som dyktig læremeister i Kvinnherad kulturskule heilt fram til ho var 16 år og flytta vekk på skule. No spelar ho i Sunnhordland kammerorkester under den dyktige dirigenten Lars Erik Ter Jung, i tillegg til fiolin som hovudinstrument på musiklina.

Kvar kveld og i alle feriar øver ho i tre timar, og tek speleoppdrag i diverse prosjekt/konsertar og bryllaup når sjansen byr seg. Hausten 2020 var ho med og framførte Faurè sitt Requiem i Kvinnherad kyrkje saman med Eva Megyesi og Cantus Firmus. Dei siste åra har ho og spelt på Rosendal kammermusikkfestival sitt arrangementet "Ope Slott" i baroniet, i samarbeid med andre lokale unge musikarar.

Ho har teke den vidaregåande utdanninga si ved Kongshaug musikkgymnas på Os i Vestland. No i haust har ho starta på bachelor i klassisk utøvande fiolin, etter mykje hard jobbing fram mot prøvespel no i januar. Ho er stolt og gler seg til å vidareutvikla seg som klassisk musikar og komponist, og mogleg også dirigent, i åra med bachelorstudiar i Kristiansand.

I tillegg til å spela fiolin, spelar ho også trekkspel, piano, gitar, slagverk og bass, og ho har komponert små musikkstykke og arrangert verk for strykargruppa ho har leia på Kongshaug.

Alida elskar musikk, spesielt klassisk musikk, og brenn for at fleire skal få augo opp for kor variert og vakker musikken kan vere. For å dele engasjementet sitt for klassisk musikk på heimstaden sin, planlegg ho å arrangera ein eller fleire konsertar på Halsnøy kloster sommaren 2022. Prosjektet er i planleggingsfasen, og ho vil gå i dialog med Sunnhordland museum/Halsnøy Kloster og inngå samarbeid med andre musikarar for å få dette til.

Noverande fiolin har verdi på omlag 25.000 kroner, er 120 år gamal, og vart kjøpt i Berlin 2018. Han er grei, men ikkje god nok som utøvande fiolinist på nivået ho no skal opp på i studiane, eller som solofiolinist på konsertar og speleoppdrag framover. Instrumentet ho tenkjer å kjøpa har prisantydning på omlag 80.000 - noko som er ein stor sum for henne som student.

 

Stipendet vil bli delt ut på frivilligheitsdagen, onsdag 8. desember, i kulturhuset på Husnes.

Her kan du lesa meir om kulturstipendordninga: www.kvinnherad.kommune.no/stipend