Kvinnherad kommune sitt resultat for 2021 syner eit overskot på 198,8 millionar kroner. Dette utgjer 13,1 % av brutto driftsinntekter.

Inntekter:

Skatteinntektene til Kvinnherad kommune var 16,5 % høgare i 2021 mot 2020. Budsjettert vekst var på 9 %. Dette utgjer eit positivt budsjettavvik på 26 millionar kroner. Bakgrunnen for det positive budsjettavviket var ein betydeleg høgare vekst på slutten av året enn venta. Samla var frie inntekter 39 millionar kroner høgare enn budsjettert. Av desse er 4 millionar kroner kompensasjonsmidlar til næringslivet som er delt ut.

Inntekta frå sal av konsesjonskraft var på 41,5 millionar kroner i 2021, mot eit budsjett på 24 millionar kroner. Budsjettavviket er grunna i veksten i straumprisar i 2021. Investeringsutvalet hadde sikra store delar av krafta mot systempris for 2021, men var open mot områdepris som er årsaka til den gode veksten i inntekta frå konsesjonskraft.

Driftskostnader:

2021 var eit år der det blei satt store krav til omstilling og effektivisering av den kommunale tenesteytinga. Driftskostnader til kommunale tenester var på 1014 millionar kroner i 2021. Med omsyn til løns- og prisvekst er drifta effektivisert med 2,7 % som utgjer eit kostnadskutt på 27 millionar kroner i 2021-kroner.  

Driftskostnadane var i 2021 9 millionar kroner høgare enn vedteke driftsbudsjett, det utgjer eit meirforbruk på 0,9 %. Koronakostnadane for andre halvår 2021 var 3,1 millionar kroner høgare enn avsette midlar. Med omsyn til dette var meirforbruket 5,9 millionar kroner, som utgjer eit meirforbruk på 0,6 %. Meirforbruket skuldast i hovudsak:

  • Bemanningsutfordringar i løpet av sommarmånadane innan helse og omsorgstenesta
  • Vedlikehald av kommunale bygg
  • Vegvedlikehald
  • Brann og redningstenesta

Finans:

Kraftfondet hadde ein avkastning på 20,5 % i 2021 som utgjer ein verdiauke på 160 millionar kroner. Investeringsutvalet sine investeringar innan Private Equity ga særleg god avkastning i 2021.

Kommunen sine rentekostnader var på 28,9 millionar kroner i 2021, ein reduksjon på 2,5 millionar kroner frå 2020.

Gjelda vart i 2021 redusert med 21,5 millionar kroner og var ved utgangen av 2021 på 1,74 milliardar kroner.

Kvinnherad kommune investerte for 112 millionar kroner i 2021. Dei største prosjekta var Kvinnherad Arena og ny brannstasjon på Husnes. Budsjetterte investeringar var på 282 millionar kroner.

*******

Rekneskapen er ikkje revidert, og det kan kome endringar. Rekneskapen vert nærare omtala i årsmeldinga som kjem til handsaming i formannskapet og kommunestyret i mai.