Nokre korte fakta:

  • Uoppmerksamheit var medverkande årsak ti tre av ti dødsulukker i perioden 2011-2015. Totalt 160 ulukker av 544.
  • Trykking eller teksting på telefon medfører ekstremt høg risiko. Anslaga på relativ risiko i forskingslitteraturen varierer frå 22 til 164 gongar høgare enn ved trykking/teksting enn ved vanleg køyring. (TØI, 2016)
  • Blikket vekk frå vegen meir enn to sekund fører til at du i 80 km/t beveg deg 44 meter i blinde.
  • Bøtesatsane for mobilbruk auka 01.01.2021 frå 1.700,- og to prikkar til 5.000,- og tre prikkar. Gjer deg ferdig med innstillingar og mobilbruk før turen, set telefonen på lydlaus og legg den vekk. Dersom du må nytta telefonen, køyr inn til sida og stans bilen før bruk.

Fire formar for uoppmerksamheit

  • Visuell (sjå på noko anna enn vegen/trafikken)
  • Fysisk/motorisk (ta hendene frå rattet)
  • Kognitiv (ha tankane på noko anna enn køyring)
  • Auditiv (lytta til noko(nokon, slik at oppmerksamheita ikkje er på køyringa)

Merk at fleire ulike formar for uoppmerksamheit kan inngå i den same aktiviteten. Dei fire formane er ikkje gjensidig ekskluderande. (Statens vegvesen)

Ver til stades når du ferdast i trafikken, og ver oppmerksam!