Spørsmål ofte stilt om influensa

Her er nokre av spørsmåla helsestasjonar og legekontor i Kvinnherad har svart på om influensa.
Eg vart vaksinert for pandemi haust- vinter 2009-2010, er no gravid, ingen tilleggsrisiko utenom graviditeten, treng eg influensa vaksine?
SVAR:
· Gravide, særleg i 2. og 3. trimester reknes i risikogruppa for komplikasjonar og vert tilrådd å la seg vaksinera. Du kan kontakte fastlegen din for å få vaksinen. sjå: http://www.fhi.no/eway/default.aspx?pid=233&trg=MainLeft_5565&MainArea_5661=5565:0:15,5198:1:0:0:::0:0&MainLeft_5565=5544:87512::1:5569:1:::0:0
Me er ein familie med barn, som har tatt pandemi vaksine (svineinfluensa) i 2009-2010, ingen av oss har tilleggsrisiko, bør vi likevel ta vaksina ?
SVAR:
· Det treng du ikkje. Fjorårets vaksine mot svineinfluensa gjev beskyttelse mot svineinfluensa i år også, men beskyttar ikkje mot vanleg influensa. Den vaksina som vert gitt i år inneheld vaksine både mot svineinfluensa og mot dette året si sesonginfluensa. Tar du årets vaksine vildet forsterke beskyttelsen mot svineinfluensa og i tillegg gje beskyttelse mot vanleg influensa. Dersom du ønskjer den ekstra beskyttelsen kan du velgje å ta vaksine i år. Du kan kontakte fastlegen din for å få vaksinen .
Eg er i risikomålgruppa, tatt pandemi vaksine 2009-2010, vaksinert mot sesonginfluensa hausten 2010, lurer på om eg treng ein dose til for å vera sikker ?
SVAR:
· Det treng du ikkje. Den vaksinen som du tok hausten 2010 dekker både svineinfluensa og sesonginfluensa som nå er på gang og det er ikkje naudsynt å ta ny vaksine før til neste haust.
Vi er ein familie utanom risikogruppa med sped-småbarn, treng vi vaksinera oss?
SVAR:
· Det treng du ikkje.
Korleis kan ein vita om ein tilhøyrer ei risikogruppe?
SVAR:
· Det er generelt dei som har svekka helse eller andre helseplager som gjer at ein toler ein influensasjukdom dårleg som reknast i risikogruppa, der du itvile bør du vende deg til fastlegen din. Det syner seg at det er litt skilnad i høve til risikogruppe for svineinfluensa og vanleg influensa. I dag er det både svineinfluensa og vanleg influensa på gang. Nærare informasjon om risikogruppe for svineinfluensa finn du her http://www.fhi.no/eway/default.aspx?pid=233&trg=MainLeft_6129&MainArea_5661=6129:0:15,5029:1:0:0:::0:0&MainLeft_6129=5544:78136::1:6130:1:::0:0 og for vanleg influensa her: http://www.fhi.no/eway/default.aspx?pid=233&trg=MainLeft_5565&MainArea_5661=5565:0:15,5198:1:0:0:::0:0&MainLeft_5565=5544:87512::1:5569:1:::0:0
Korleis kan eg vita om eg har fått svineinfluensa eller vanleg influensa ?
SVAR:
· Det kan ein ikkje vita utan å ta prøve. Symptom og behandling er dei same, så det har inga betydning for kva du skal gjere. Vaksina iår dekkkjer både typer av influensa.
Skal eg ringe legen viss eg har fått influensa ?
SVAR:
· Dersom du ikkje har nokon annan alvorleg sjukdom er det beste du kan gjere å halde deg heime, passe på at du får nok drikke og kvile. Du kan ta paracet for å dempe feber og smerter.
Kontakt alltid lege hvis tilstanden til den/dei som er sjuke forverrer seg. Ring lege straks dersom den sjuke:
- har tegn på å være uttørret, som tørrhet i munnen og særlig sparsom vannlating
- kaster opp og har problemer med å holde på drikke slik at det er fare for uttørring
- får svært rask eller anstrengt respirasjon
Ring 113 dersom den sjuke:
- har tungt for å puste eller har smerter i brystet
- har fiolett eller blålig farge på leppene
- får anfall med kramper
- ikke reagerer som normalt eller virker forvirret
Influensasyke med sterke symptomer, særlig dei som tilhøyrer en risikogruppe for komplikasjoner, bør ha tilsyn. Som ved annen sykdom som kan forverre seg raskt, er det naudsynt å ha kontakt med den sjuke også i løpet av natta.







