Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Influensainformasjon vinteren 2011

Vaksine_teaser
Helsestasjonane og legekontora i Kvinnherad får mange spørsmål og henvendingar kring influensa. Her er råd om denne sjukdomen.

Talet på tilfelle av influensa aukar og mange er uroa over presseopplag om alvorlege tilfelle at influensa. Ein influensasjukdom vil i dei fleste høve berre vil være ei ubehageleg oppleving. Det er likevel ikkje mange som eigentleg ønskjer seg ei veke med feber og slappheit, muskel og leddverk, hodeverk og halsont og påfølgjande veke eller to med restitusjon. Uroa oppstår likevel mest av alt når ein les om alvorlege forløp, til og med med dødeleg utgong. Folk flest kan nok også verta noko forvirra av dei ulike omgrepa pandemi, svineinfluensa, sesong influensa osb.

Dei beste råd ein kan gje er:

1- Unngå influensa ved å ta influensavaksine og å unngå kontakt med smitta personar

2- Unngå å smitte andre dersom du sjøl vert råka

3- Stell godt med deg sjølv og dine næraste dersom influensa råker deg og din familie

På folkehelseinstitutet si heimeside finn du meir informasjon om korleis du gjer dette (lenke under denne artikkelen).


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no